Ein horunge er i typografien ei utgangslinje (det vil seia sistelinje i eit avsnitt) som står øvst på ei side eller i ei spalte utan å fylle heile linjebreidda.

Nemninga «fransk horunge» blir tilsvarande brukt om ei innrykkslinje (førstelinje i eit avsnitt) som hamnar nedst på ei side.

I norsk typografi forsøker ein å unngå horungar, men franske horungar er aksepterte.

Dette er eit enkelt og kort døme som skal vise korleis utgangslinja i eit avsnitt kan hamne øvst i neste spalte. Ei slik lausriven linje blir kalla     ein horunge.     Her begynner det neste avsnittet. Det er her berre for å fylle opp litt plass … Etymologi Omgrepet kjem frå tysk «Hurenkind», og ordet kan ha samanheng med at fenomenet er uønskt.

For å unngå det belasta ordet «horunge», bruker nokre typografar nemningar som lause linjer, farlause linjer eller foreldrelause linjer.

Kjelder

Typografi>&skrift

Horunge