Altamont-festivalen, på engelsk Altamont Speedway Free Festival eller Altamont Free Concert, var ein rockekonsert som blei halden laurdag 6. desember 1969 ved Altamont Speedway nord i California. Festivalen blei organisert av The Rolling Stones, som spelte med Santana, Jefferson Airplane, The Flying Burrito Brothers og Crosby, Stills, Nash & Young. Grateful Dead skulle også ha spelt, men nekta å gå på scena på grunn av den aukande valden ved konserten. Festivalen er best kjend for denne valden, som omfatta drap på ein publikummar på scena av eit Hells Angels-medlem, som var blitt hyra inn som vaktar. Det fann også stad tre dødsulukker, fleire skader, tjuveri og vandalisme. Det blei fødd fire barn under festivalen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Altamont Free Concert» frå , den 13. mai 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:1969 i USA Kategori:Rockefestivalar Kategori:Musikkfestivalar i USA Kategori:Musikk i 1969