The Long Goodbye (The Symphonic Music of Procol Harum) var eit album som kom ut i 1995. Streng tatt er det ikkje eit album av Procol Harum, men vart produsert av Gary Brooker med forskjellige gjestemusikarar, mellom andre mange frå Procol Harum. Til dømes er Robin Trower og Matthew Fisher med på berre ein song, «Repent Walpurgis», som Fisher skreiv.
I motsetnad til dei andre songane på albumet har ikkje tittelsporet vorte offisielt gjeven ut som Procol Harum. Det var ein singel av Gary Brooker frå soloalbumet hans Echoes in the Night, som var produsert av Brooker og Fisher i lag. Tekstane er skrivne av den faste Procol Harum-tekstforfattaren Keith Reid og B.J. Wilson spelte trommer på denne songen.
Innhald
Medverkande Matthew Fisher - kyrkjeorgel på «Repent Walpurgis» Dave Bronze - bass Mark Brzezicki - Trommer Robin Trower - gitar på «Repent Walpurgis» Geoff Whitehorn - gitar Andy Fairweather Low - gitar Gary Brooker - piano, trekkspel, cembalo og vokal Keith Reid - tekstar
Andre medverkande Tom Jones - vokal på «Simple Sister» Jerry Hadley - vokal på «Grand Hotel» James Galway - fløyte på «Pandora's Box»
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Long Goodbye (Procol Harum album)» frå , den 27. mai 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff ProcolHarum.com - ProcolHarum.com om albumet
Kategori:Procol Harum-album Kategori:Musikkalbum frå 1995 Kategori:RCA Records-album