Americana er det 35. albumet til den kanadiske musikaren Neil Young, gjeve ut den 5. juni 2012. Albumet var det første samarbeidet med Crazy Horse sidan Greendale-albumet og turneen i 2003 og 2004.

Bakgrunn Young snakka om tonen og meininga bak albumet i American Songwriter:

Mottaking

Americana fekk særs blanda kritikk blant kritikarane. Det har ein gjennomsnittleg karakter på 68 av 100 på Metacritic, basert på 31 meldingar. Greg Kot i Chicago Tribune gav albumet tre og ei halv av fire stjerner og skreiv at «Americana avdekkjer den harde sanninga i songar som er tekne for gitt.» Dan Forte i Vintage Guitar sa «dette kan vere hans beste sidan Rust [Never Sleeps].» Johnny Dee i Classic Rock skreiv at «Young har plukka kvar song frå kvarandre, omarbeidd melodien og tekstane og gjort dei til sine eigne», og slik gjort dei betre.

I ei meir lunken melding skreiv Michael Hann i The Guardian at albumet var «umogeleg meiningslaust» og meinte at songane var «slurvete» og «unaudsynt lange». NME skreiv at albumet «stort sett bestod av under par coverversjonar av folkesongar.»

Robert Christgau kåra Americana til det beste albumet i 2012 på årslista hans for The Barnes & Noble Review.

I Noreg fekk albumet òg særs blanda kritikk. Morten Ståle Nilsen i VG gav albumet terningkast 1 og kalla det «heste-møkk» i ei melding der han mellom anna skreiv: «Det som burde vært en rockbegivenhet er blitt en sann prøvelse...sendt under dampveivalsen av et Crazy Horse som ikke en gang «groover», en Young hvis perversitet nå lett kan forveksles med varig svekkede sjelsevner og et malplassert blandakor.» Arild Rønsen i musikkmagasinet Puls reagerte kraftig på den harde meldinga til Nilsen, og oppfordra på Twitter at nokon «måtte bombe VG-lokala». Dette fall igjen i dårleg smak hos VG, som meinte Rønsen trekte inn terroråtaka 22. juli 2011. Rønsen følgde opp med si eiga melding av albumet der han mellom anna skreiv «Neil Young har lagd et tvers gjennom fabelaktig album! Helt i tråd med tittelen – Americana!»

Innhald

Medverkande Neil Young – vokal, gitar Crazy Horse Billy Talbot – bass, vokal Ralph Molina – trommer, vokal Frank «Poncho» Sampedro – gitar, vokal Andre medverkande Dan Greco – orkestercymbalar, tamburin Americana Choir – vokal Pegi Young – vokal på «This Land is Your Land» Stephen Stills – vokal på «This Land is Your Land»

Salslister

Vekeslister

Liste (2012)PlasseringAusterrike14Australia34Belgia (Flandern)7Belgia (Vallonia)23 Canada 2Danmark17Finland19Frankrike27Italia32Nederland15New Zealand26Noreg11Spania14Sveits17Sverige11Tyskland12 U.S. Billboard 200 4 U.S. Billboard Top Rock Albums 1

Årslister Liste (2012)PlasseringDen kanadiske albumlista42US Billboard 200182US Rock Albums Chart52

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Americana (Neil Young & Crazy Horse album)» frå , den 30. mai 2012.

Kategori:Neil Young-album Kategori:Crazy Horse-album Kategori:Musikkalbum frå 2012 Kategori:Reprise Records-album Kategori:Album produserte av John Hanlon