Deep Purple in Concert er eit konsertalbum av det engelske hardrockbandet Deep Purple av to konsertar spelt inn av BBC for konsertserien deira «In Concert», i 1970 og 1972. Albumet kom først i 1980 i Storbritannia. I 2004 vart albumet gjeven ut på SACD som «Live On The BBC».

Den første plata inneheld konsertopptak frå BBC Studios i London den 19. februar 1970. Bandet steppa inn i siste augneblink for Joe Cocker, som måtte avlyse. DJ John Peel introduserte songane etter kvart som dei spelte dei. Den andre plata er ein konsert frå 9. mars 1972, denne gongen med Mike Harding som DJ. Den sistnemnde innspelinga inneheld den einaste kjende konsertinnspelinga av «Never Before» (som var ein singel på den tida) og ein sjeldan Mark II-versjon av «Maybe I'm a Leo». Desse to songane vart spelt i staden for den vanlege «Child in Time» for å marknadsføre det komande albumet Machine Head, som kom ut i slutten av månaden (mars 1972).

«Smoke on the Water» (den første konsertframføringa nokon gong) og «Maybe I'm a Leo» vart ikkje med på den originale vinylutgåva i 1980, men vart gjeven ut som singel.

Lengdene som står oppført på mange av spora på 2001-utgåva er feil.

Innhald

Disk ein: 1970

Disk to: 1972

Medverkande Ritchie Blackmore - gitar Ian Gillan - vokal Roger Glover - bass Jon Lord - tangentinstrument Ian Paice - trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Deep Purple in Concert» frå , den 5. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Deep Purple in Concert

Kategori:Konsertalbum frå 1980 Kategori:Deep Purple-konsertalbum Kategori:Harvest Records-album