Unser Star für... eller Unser Song für... (USf..., tysk for Vår stjerne for... og Vår song for...) er ei årleg tysk musikktevling arrangert av ProSieben og Das Erste som avgjer representanten til Tyskland i Eurovision Song Contest. Tevlinga har vorte arrangert sidan 2010 og har litt ulike namn kvart år, alt etter kor Eurovision Song Contest vert arrangert: Unser Star für Oslo då Noreg arrangerte tevlinga i 2010, Unser Song für Deutschland då Tyskland arrangerte tevlinga og hadde valt Lena internt til sin representant i 2011, Unser Star für Baku då tevlinga vart arrangert i Aserbajdsjan i 2012 og Unser Song für Malmö når tevlinga vert arrangert i Sverige i 2013.
Vinnarar For oversyn over poenga i Eurovision Song Contest, sjå Tyskland i Eurovision Song Contest.
År Artist Song Språk 2010 Lena «Satellite» Engelsk 2011 Lena «Taken by a Stranger» Engelsk 2012 Roman Lob «Standing Still» Engelsk 2013 Cascada «Glorious» Engelsk 2014 Elaiza «Is It Right» Engelsk 2015 Andreas Kümmert «Heart of Stone» Engelsk Ann Sophie «Black Smoke» Engelsk
I Eurovision Song Contest Sidan Tyskland er ein av dei fem store, dei største bidragsytarane Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), er landet alltid direktekvalifisert til finalen. Lena vann tevlinga i 2010 og fekk representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2010 der ho vann med 246 poeng. Det var den andre sigeren til Tyskland og den fyrste etter at Vest-Tyskland vart sameint på nytt med Aust-Tyskland. Det var òg fyrste gongen eit land frå dei fem store, som då heit dei fire store, vann Eurovision Song Contest. I 2011 vart det stadfesta at Lena fekk representere Tyskland på heimebane. Denne gongen enda ho på tiandeplass med 107 poeng. I 2012 enda Roman Lob på åttandeplass med 110 poeng.
Programleiarar 2010: Sabine Heinrich og Matthias Opdenhövel 2011: Sabine Heinrich og Matthias Opdenhövel 2012: Sandra Rieß og Steven Gätjen
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Germany in the Eurovision Song Contest 2010» frå , og «Germany in the Eurovision Song Contest 2011» frå den 6. juni 2012.
Denne artikkelen bygger på «Germany in the Eurovision Song Contest 2012» frå , og «Dei fem store» frå den 6. juni 2012.
Denne artikkelen bygger på «Unser Star für Oslo» frå , og «Unser Song für Deutschland» frå den 6. juni 2012.
Denne artikkelen bygger på «Unser Star für Baku» frå , den 6. juni 2012.
Fotnotar
Kategori:Tyske musikktevlingar Kategori:Eurovision Song Contest-uttakingar