Kvithakepetrell, Procellaria aequinoctialis, er ein stor sjøfugl i stormfuglfamilien Procellariidae. Han har utbreiing i sørlege hav så langt nord som utanfor Sør-Australia, Peru og Namibia, og hekkar sirkumpolart i koloniar på øyar i Sørishavet. __NOTOC__ Skildring mini|høgre|I flukt, utanfor Tasmania, Australia

Ikkje berre er dette den største medlemmen av slekta Procellaria, men det er òg den største arten i stormfuglfamilien med unnatak for kjempepetrellar.John B. Dunning Jr. (Editor) CRC Handbook of Avian Body Masses CRC Press (1992), ISBN 978-0-8493-4258-5. Kvithakepetrell måler 51-58 cm i lengd, veg 0.97-1.89 kg og har eit vengespenn på 134-147 cm. Denne store petrellen er sotsvart og har litt kvitt på halsen og haka. Primærfjørene kan ha ein sølvaktig utsjånad på undervengen. Nebbet kan vere lysgrått eller gult, med mørke nasebor. Han har svarte føter. Når han flyg, vekslar han mellom langsame vengeslag og glideflukt. Sjølv om han normalt er stille, læt han lydar som rasling eller stønning inne i kolonien.BirdLife International (2022) Species factsheet: Procellaria aequinoctialis. Henta frå http://www.birdlife.org on 11. august 2022.

Kvithakepetrellen nyttar mange øyar i Sørishavet i hekkeperioden. Største kolonien på 2 000 000 par hekkar på Sør-Georgia. Utanom hekkesesongen beitar desse petrellane mellom pakkisen i Antarktis og subtropisk område på den sørlege halvkula. Kosthaldet består hovudsakleg av kril følgt av fisk. Kvithakepetrellar beitar på overflata og ved å gjennomføre grunne dukk, og dei vil lett følgje skip for å ta utkast, noko som òg gjer dei sårbare for linefisket.

Totalpopulasjonen er estimert til 3 millionar individ og er minkande.

Kjelder Denne artikkelen byggjer på «White-chinned Petrel» frå , den 7. juni 2012 Referansar

Bakgrunnsstoff Videoar, bilete og lydopptak av kvithakepetrell hos Internet Bird Collection

Kategori:Stormfuglfamilien