«21st Century Schizoid Man» er ein song av progrockbandet King Crimson frå debutalbumet deira In the Court of the Crimson King.

Tekst Teksten på «21st Century Schizoid Man» består hovudsakleg av usamanhengande setningar og ei rekkje bilete. Alle dei tre versa følgjer eit mønster som presenterer desse bileta. Den første linja av kvart vers er relativ vage bilete (t.d. «iron claw», «death seed»). Den andre linja er eit enkelt bilete, ofte meir spesifikt enn dei første to, og den tredje linja er ei faktisk setning. Den fjerde og siste linja i kvart vers er «21st century schizoid man».

Songen referer til Vietnamkrigen som til dømes «innocents raped with napalm fire» og «politicians' funeral pyre». Før songen vart spelt på ein konsert 14. desember 1969 (som ein kan høyre på konsertalbumet Epitaph), seier Fripp at songen var tileigna «ein amerikansk politisk personlegdom som me alle kjenner og liker så godt. Han heiter Spiro Agnew».

Struktur Musikalsk er songen kjend for den kraftig forvrengde vokalen sungen av Greg Lake, ein drivande mekanisk rytme og gjennomtrengande høglydt saksofon og gitar, i lag med ein instrumental midtre del kalla «Mirrors». Det meste av songen er i anten 4/4 eller 6/8 time, utanom slutten av songen som har fri takt.

Framføringar King Crimson heldt fram å spele songen etter at Greg Lake forlet King Crimson i 1970 for å danne Emerson, Lake & Palmer. Han finst på fire konsertalbum frå fire forskjellige versjonar av bandet, først sungen av Lake på Epitaph, så av Boz Burrell på Earthbound (1972), av John Wetton på USA (1974), og av Adrian Belew på Vrooom Vrooom (2001, opptak frå 1996). I 1993 spelte Emerson, Lake & Palmer ein versjon av songen for plateboksen The Return of the Manticore.

Medverkande Greg Lake – vokal, bass Ian McDonald – saksofon Robert Fripp – gitarar Michael Giles – trommer Peter Sinfield – tekst

Andre versjonar Andre band som har spelt inn songen er mellom andre Flower Travellin' Band, Premiata Forneria Marconi, Entombed, Edge of Spirit, Von Hertzen Brothers, Voivod, Unrest, Afterhours, The Tangent, Savage Republic, Forbidden, Suck, April Wine, Let 3, Cripple Bastards, Les Fradkin, Greg Lake med Gary Moore på gitar, Talas, Ozzy Osbourne, Jeffrey Fayman, Shining, Gov't Mule, Noir Désir og The String Cheese Incident.

Songen vart sampla av Kanye West for songen «Power» frå albumet hans My Beautiful Dark Twisted Fantasy 2010.Kanye West Samples King Crimson on Raging New Track "Power", og av RJD2 for remiksen hans av Aesop Rock sin «Kill 'Em All».

Ein del av teksten er nytta i songen «21st Century (Digital Boy)» av punkrockbandet Bad Religion.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «21st Century Schizoid Man» frå , den 12. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:King Crimson-songar Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Songar om Vietnamkrigen Kategori:Songar med tekst av Pete Sinfield Kategori:Songar skrivne av Robert Fripp Kategori:Songar skrivne av Greg Lake Kategori:Songar skrivne av Ian McDonald Kategori:Songar skrivne av Michael Giles Kategori:Songar produserte av Greg Lake Kategori:Britiske heavy metal-songar Kategori:Jazz-fusion-songar Kategori:Atlantic Records-singlar Kategori:Singlar frå 1976