mini|Grillplassen ved Långsjön sommaren 2007Foto: Holger Ellgaard
Långsjön er ein innsjø på grensa mellom kommunane Huddinge og Haninge sør for Stockholm i Södermanland i Sverige. Innsjøen har eit overflateareal på ca. 70 mål, og har ei breidd beståande av steinheller, til dels mosegrodde. Innsjøen ligg 81 meter over havet, og største djupna er mælt til 11,8 meter. Voluma til innsjøen er ca. 420 000 m³.
Innsjøen sin langsmale nordlege del har vakse igjen, og består i dag for det meste av tettvokst siv.
Heile innsjøen ligg innanfor Natura 2000-området «Hanveden» (som utgjer ein liten del av det relativt store skogsområdet Hanveden på Södertörn). Innsjøen sin nordvestlege del, Huddinge-delen, ligg dessutan innanfor Paradisets naturreservat.
Långsjön blir passert av Sörmlandsleden og av «Sameslingan», ein tursti tilhøyrande Paradisets naturreservat. Det er ein rasteplass med gapahuk vest for innsjøen.
Andre innsjøar i Hanveden-området inkluderer: Svartsjön, Trehörningen, Tornbergssjön, Ormputten, Ådran og Öran.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Långsjön (Hanveden)» frå , den 15. juni 2012.
Bakgrunnsstoff Om Långsjön, på Huddinge kommuns webbplats
Kategori:Huddinge kommun Kategori:Innsjøar i Haninge kommun