Frydendal kyrkje, tidlegare Ytre Søndeled kyrkje, er ei kyrkje som ligg på garden Grundesunds grunn i gamle Søndeled i Risør kommune. Kyrkja fungerer som kyrkje for heile Ytre Søndeled og Risør. Frydendal kyrkje er ei langkyrkje frå 1879 med om lag 300 sitteplassar.
Soga Kyrkja blei bygd i 1879, då folk så det for langt å gå heile vegen til Søndeled for å gå til kyrkja. I 1928 blei Frydendal kyrkja opna etter mykje arbeid både utvendig og innvendig. Då fekk kyrkja si nåverande form og farge.
Minneplata i våpenhuset er utforma av Alfred Seland frå Risør og ber namna til dei falne frå Ytre Søndeled under krigen i 1940 - 1945. Den blei hengt opp til kyrkjas 75-årsjubileum i 1954.
Sokneprestar Albert Martin Valla og Per Oscar Berg er sokneprestar i Frydendal Kyrkje. Robert Knudsen er ungdomsprest i Risør sokn og i Søndeled sokn
Kjelder
Bakgrunnsstoff Risør kyrkjelege fellesråd Kyrkjesøk
Kategori:Kyrkjer i Risør Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Kyrkjer i Aust-Nedenes prosti Kategori:Kulturminne i Risør Kategori:Henrik Nissen Kategori:Norske kyrkjer frå 1879