Dammtorpssjön er ein innsjø i den sørlege delen av Nacka kommun, og innanfor Nackareservatet, i landskapet Södermanland i Sverige.

Källtorpssjön er ein såkalla sprekkedalssjø som strekkjer seg ca. 1,5 km i aust-vestleg retning. Innsjøen vert drenert via Dammtorpssjön og Nacka ström til Järlasjön. Ältavägen passarer gjennom nedslagsfelta til innsjøen.

Innsjøen nyttast gjerne for fiske av edelfisk som er av dei artane som er sett ut i innsjøen. Fram til 1980-talet kunne ein òg fiske etter krepsar i Källtorpssjön, men etter dette er han råka av krepsepest.

Källtorpssjön er ein populær badesjø, og vasskvaliteten for bading er god. Ved innsjøen ligg eit av Stockholmområdet sine mest vitja friluftsanlegg, Hellasgarden, der det er badeplass på sommaren og skeisebane på vinteren. Ut frå Hellasgarden går det mange turløyper, terrengløyper og, på vinteren, skiløyper. Ved nordbreidda, der Hästhagen ligg, er det ytterlegare ein badeplass, med omkringliggande klipper populære til soling.

Innsjøen og omgjevnadane har òg botanisk, zoologisk og geologisk interesse. Innsjøen er, av Nacka kommun, klassifisert som økologisk utsett.

Bilete

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Källtorpssjön» frå , den 16. juni 2012.

Bakgrunnsstoff Om Källtorpssjön på Nacka kommuns webbplats

Kategori:Innsjøar i Södermanland