Strålsjön er ein innsjø som ligg aust for Älta og innanfor dei to naturreservata Strålsjön-Erstavik og Älta mosse-Strålsjön i Nacka kommun i landskapet Södermanland i Sverige. Strålsjöns gjennomsnittsdjupne er 2,4 meter, og innsjøen er på sitt djupaste 7,4 meter. Det er ein næringsfattig skogssjø, og er sensitiv for forsuring. Vatnet er mørk på farge på grunn av tilløpet frå humusrike Älta mosse.
Trass i den vesle storleiken er det fisk som gjedde, åbor og mort her. I den sørvestlege delen av innsjøen er det mykje sjøkantvegetasjon, som mellom anna pors. Utanfor sjøkanten er det både gul og kvit nykkerose, samt dunkjevle.
Nordaust i innsjøen er det kommunal badeplass med brygge det er populært å bade frå. Sörmlandsleden passerer òg her.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Strålsjön» frå , den 16. juni 2012. oppgav desse kjeldene: http://www.nacka.se/web/fritid_natur/naturochparker/hurmar/sjoarna/Sidor/stralsjon.aspx , henta 2011-04-15 Nacka kommun (1995) «Strålsjön-Erstavik. Naturreservat i Nacka kommun»
Kategori:Innsjøar i Södermanland