Dellen er to innsjøar i Hälsingland i Sverige, Nord-Dellen og Sør-Dellen. Dei er populære blant flogefiskarar som bekkeauren som finst her.
Sør-Dellen har eit areal på 52 km² og inneheld 1 226 millionar m³ vatn, medan Nord-Dellen har eit areal på 82 km² og eit vassvolum på 1 489 millionar m³.
Ein kort kanal går mellom dei to innsjøane, så det er derfor omdiskutert om dei skal reknast som ein eller to innsjøar. Om dei vert rekna i lag har dei eit samla areal på 130 km², noko som gjer han til den 18. største innsjøen i Sverige.
Innsjøane vart danna av eit nedslagskrater for om lag 89,0 ± 2.7 millionar år sidan, i øvre krittida. Nedslagskrateret måler kring 19 km i diameter. Dette medførte at bergarten dellenitt vart danna i området..
Asteroiden 7704 Dellen er kalla opp etter innsjøane.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dellen» frå , den 17. juni 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Informasjon og kart Dellenbygden.nu; svensk
Kategori:Nedslagskrater i Sverige Kategori:Krater frå krittida Kategori:Innsjøar i Hälsingland