Byskeälven spring ut i vestlege Kikkejaure i Arvidsjaur kommun og munnar ut i Bottenvika på Byske i Skellefteå kommun. Elva er om lag 215 km lang og er dermed nest lengste skogselv i Nord-Sverige etter Gideälven. Vassdraget har eit nedbørsfelt på 3 662 km².

Byskeälven er ein viktig lakseelv, og i Fällfors er det bygd eit «laksesenter» ved Fällforsen og laksetrappa. Byske Laxdal er no eit konsept i marknadsføringen og det vert arbeidd hardt for å trekke fleire rekreasjonsfiskarar til elva.

«Byskio» tyder «heving». Store innsjøer i vassdraget er Allejaure, Arvesjaure eller Arvidsjaursjön, Järfojaure, Långträsket og Vest Kikkejaure.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Byskeälven» frå , den 18. juni 2012.

Kategori:Elvar i Sverige Kategori:Skellefteå