mini|200px|right|Turbinhuset i Västerås, nær munningen av Svartån Svartån er namnet på fleire elvar i Sverige.

Svartån i Västmanland er 91 km lang. Ho renn gjennom byane Skultuna og Västerås og munnar ut i Mälaren. Namnet Västerås kjem frå det svenske-latinske uttrykket Västra Aros som tyder «vestleg utløp»

Elva spelte ei viktig rolle i den industrielle revolusjonen i denne regionen frå 1600-talet til tidleg på 1900-talet som ei kjelde til vasskraft.

Svartån i Östergötland renn frå innsjøen Sommen via Mjölby til innsjøen Roxen, der ho i lag med Motala ström renn til Austersjøen. Ho er den største sideelva til Motala. Svartån i Närke renn gjennom Örebro til innsjøen Hjälmaren. Svartån i Skåne renn frå Krageholmssjön til Austersjøen ved Svarte. Svartån i Halland er ei sideelv til Högvadsån. I Värmland er det to elvar som heiter Svartån, ein frå Bosjön nær Filipstad til Grässjön sør for Hagfors, og ei 20 km lang sideelv til Ölman sør i landskapet. I Gästrikland og Hälsingland er det fire elvar som heiter Svartån. Svartån er eit svensk namn på ei elv i Nyland/Uusimaa i Finland. Det finske namnet er Karjaanjoki.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Svartån» frå , den 22. juni 2012.

Kategori:Elvar i Sverige