Rachel Catharina Helland Grepp () var ein norsk journalist, politikar og kvinnesaksforkjempar.
Rachel Helland var fødd i Bergen. Ho var dotter av skipsreiar Peter Helland og læraren Marie Elise Wiesener. I ungdomstida blei ho politisk engasjert på venstresida. Ho var med i gymnassamfunnet Hugin, mellom anna saman med sin seinare ektemake Kyrre Grepp. Dei var med på stiftinga av Bergens socialdemokratiske ungdomslag i 1902.
Etter examen artium 1899 studerte Grepp filosofi i København og fransk i Paris, og tok kurs i pedagogikk ved Universitetet i Oslo 1902. Grepp verka som lærarvikar før ho i 1904 gifta seg med politikaren Kyrre Grepp. Dei fekk fem barn saman. Mellom dei var skodespelaren Ole Grepp (1914–76), journalisten Gerda Grepp (1907–40) og politikaren Asle Grepp (1919–45).
I tida fram til ektemannen døydde i 1922, skreiv ho for hans Vor Tid og for Arbeiderkvinnen. I perioden 1922-49 skreiv ho for Arbeiderbladet. Ho blei politisk aktiv og sat i Oslo Bystyre for Arbeidarpartiet, i formannskapet 1935. Grepp var vararepresentant til Stortinget 1928-36.«Rachel Helland Grepp 75 år» i VG (5.3.1954) Ein kort periode var ho med i Mot Dag.
Grepp sat i styret for Norsk Film A/S frå 1935, og var medlem og formann i styret for Oslo Kino. Ho var òg med i representantskapet for Oslo Filharmoniske Orkester, Nationaltheatret og Folketeatret, i tillegg til fleire andre verv.
Rachel Grepp døydde i Oslo.
Prisar og utmerkingar Kongens fortjenstmedalje i gull 1956: Den første St. Hallvard-medaljen for sitt bidrag til helsestell og kulturliv. Ho gav posthumt namn til Rachel Grepp Heimen Familiesenter
Kjelder
Rachel Grepp i Norsk Biografisk Leksikon
Denne artikkelen bygger på «Rachel Grepp» frå , den 25. juni 2012.
Kategori:Norske journalistar Kategori:Ap-politikarar i Oslo Kategori:Medlemmar av Mot Dag Kategori:Norske kvinnesaksfolk Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Folk frå Bergen Kategori:St. Hallvard-medaljen