mini|høgre|Ein åtterands potetsettar. Potetsettar er ein traktormontert jordbruksreiskap som vert nytta for å ala render, setta potet i dei og dekkja over poteten med jord. Tidlegare vart potetsetting utført i fleire arbeidsoperasjonar: aling av renner, setting og tildekking. Før ein tek til med potetsetting er det viktig at åkeren er horva, slik at jorda er laus.
Potetsettarar blir produserte i ulike storleikar som set frå to til seks renner samstundesBell, B, Farm machinery, 4. utg., Farming Press, 1996,.
Halvautomatiske maskiner Nokre små maskinar er halvautomatiske, slik at det trengst ein person til å plassera potetane i eit sokalla setterøyr, som fører dei ned til fora. Dei er ikkje like vanlege i dag som for nokre tiår sidan. Men på små bruk kan dei vera brukbare.
Heilautomatiske maskinar
Større maskiner er så godt som alltid automatiske. Dei kan grovt delast inn i to hovudtypar: elevator- og setthulsmaskiner.
Elevatormaskiner Desse har eit elevatorkjede med opne koppar, med diameter på 50-60 mmE. Glemmestad, Maskiner i landbruket, Landbruksforlaget, 2. utg., 1974, for kvar rand. Når kjedet er i rørsle vil koppane ta med seg potetar frå ein behaldar og plassera dei i rennene. Avstanden mellom potetane i randa. kan tilpassast ved å endra farten til kjedet.
Settehjulsmaskiner Desse har eit eit stort hjul, utstyrt med klyper eller kammar som fører potetane frå behaldaren og ned i fåra.
Referansar
Kategori:Jordbruksmaskinar Kategori:Planting og såing Kategori:Potetdyrking