Gyachung Kang er eit høgt fjell i Himalaya på grensa mellom Kina og Nepal. Det er det høgste fjellet mellom Mount Everest og Cho Oyu i Mahalangur-Himal. Cho Oyu ligg om lag 8 km vest for Gyachung Kang, dei to fjella er samanbundne av ein lang bergrygg som ikkje på noko punkt er lågare enn . I aust ligg Nup-La (vestpasset) mellom dalane Rongbuk i nord og Dudh-Kosi i sør. Gyachung Kang blir rekna som den høgste 7000 meters-toppen i verda.Gasherbrum III blir ofte oppgitt med same høgd (eller nokre få meter lågare), men ei smålåten skardhøgd gjer at Gasherbrum III ikkje blir rekna som eit fullverdig sjølvstendig fjell.
Klatrehistorikk 10. og 11. april 1964 førsteklatra Yukihiko Kato, Kiyondo Sakeisawa, Kuzunari Yasuhisa (Japan) og Pasang Phutar III (Nepal) toppen. Ruta gjekk over nordvestegga. Tre klatrarar, alle japanarar, mista livet under ekspedisjonen. Eit slovensk klatrelag rundt Andrej Stremfelj gjekk i 1999 opp nordveggen. Dette var den første oppstiginga frå Tibet og den fjerde klatringa totalt.Marko Prezelj: «Gyachung Kang. An alpine mentality in the Himalaya». I American Alpine Journal 2000, s. 75-85. (AAJO) Yasushi Yamanoi gjekk opp att denne ruta i 2001. Under nedstiginga måtte han og kona Taeko opphalde seg i bivuakk på under ein snøstorm med fleire laviner. Begge fekk alvorlege forfrysingar.Bericht der Nordwanddurchsteigung 2001 auf www.alpinist.com
Referansar
Bakgrunnsstoff Høgder og skardhøgder på viewfinderspanorama.org
Kategori:Fjell i Himalaya Kategori:Fjell i Nepal Kategori:Fjell i Tibet