Bruno Maksimovitsj Pontekorvo () var ein italiensk-russisk fysikar.
Han vart utdanna i Italia og sidan i England. Han var tilknytt den anglo-kanadiske forskargruppa som arbeidde med utviklinga av kjernefysisk energi i Montreal frå 1943 til 1946, og var sidan ved det kanadiske forsyningsdepartmentet fram til 1949. Han hadde ei leiande forskarstilling ved atomforskingsinstituttet i Harwell i Storbritannia i 1949-1950. Han forlet i løyndom Storbritannia i 1950 og reiste til Sovjetunionen der han vart tilknytt Vitskapsakademiet i Moskva og instituttet for kjernefysikk i Dubna. Frå 1956 var han gruppeleiar ved instituttet der han har arbeidd med utvikling av akselratortypar.
Kjelder Bruno Maksimovitsj Pontekorvo. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Bruno_Maksimovitsj_Pontekorvo
Kategori:Folk frå Pisa Kategori:Italienske fysikarar Kategori:Sovjetiske fysikarar Kategori:Jødiske fysikarar Kategori:Italienske kjernefysikarar Kategori:Sovjetiske kjernefysikarar Kategori:Folk tilknytte Manhattanprosjektet Kategori:Italienske jødar Kategori:Russiske jødar Kategori:Partikkelfysikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet