mini|Lastebil på ei bruvekt Ei bruvekt er ei desimalvekt som vert nytta til å vege særs tunge lekamar, som til dømes heile vognlass. Prinsippet for ei bruvekt er at lodda heng i ei skål på den lengste armen av ein ulikearma vektstong, medan lekamen ligg på ei plate som held seg horisontalt, sjølv når vektstonga vert dreidd. Armane til vektstonga har lengder slik at vekta til lasta er 10, 100 osv. gonger loddvekta.
Kjelder brovekt. I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/brovekt
Bakgrunnsstoff
Kategori:Bruer Kategori:Måleinstrument for masse
da:Brovægt ar:ميزان بسكول en:Truck scale es:Báscula puente fr:Poids public id:Jembatan timbang nl:Weegbrug pl:Waga samochodowa