Eirik Håkonsson Ladejarl () var ladejarl og herskar over Noreg i tida mellom 1000 og 1015. Han var dessutan ein av kong Knut den store sine jarlar i England, i tida frå 1016 til han døydde.

Familie og oppvekst Far til Eirik jarl var ladejarlen Håkon Sigurdsson den mektige. Kven mor hans var, er ikkje kjent, men ho skal ha vore ei kvinne av ringe ætt som Håkon jarl møtte ein vinter på Opplanda. Eirik hadde mange halvsysken, dei som er mest omtala i dei norrøne sogene er Svein, gift med Holmfrid som truleg var dotter av den svenske kongen Eirik Sigersæl Bergljot, gift med Einar Tambarskjelve. Andre sysken som er nemnt i sogene: Sigurd, Erling, Heming, Erlend, Ragnhild og/eller Ingebjørg. Snorre fortel at Eirik var fostra hos Torleiv Spake som budde i Meldal i Trøndelag, og at han var ein emneleg gut, utifrå ven og tidleg stor og sterk.

Drapet på Skofte Berre elleve eller tolv år gamal drap han utværshersen Skofte Skagesson (i sogene vert han kalla Tidende-Skofte). Når skalden i BandadråpaBandadråpa av Eyjolv Dådaskald nemner både drapet og at Eirik reiste ut av landet «i ung alder», kan det tyde på at Snorre hadde rett i si framstilling om at Skofte var systemannen til Eirik, og at han dermed gjorde eit frendedrap. Ei slik ugjerning var det ein kalla ubotamål, og var så alvorleg at ein kunne ikkje legge bøter for skaden. Kanskje vart Eirik lyst i utlægd, eller han tok konsekvensen av drapet og reiste like godt straks ut av landet.

Dansk jarl Snorre skriv at Eirik reiste sørover til Danmark og var hos kong Harald Gormsson (Blåtann) om vinteren. I Bandadråpa vert det sagt at «gullrauste herrar» gav han land å styre», og dette tyder på at Snorre kan ha hatt rett då han skreiv at Eirik vart danskekongen sin jarl i Vingulmark og Romerike. Dette må truleg ha skjedd litt etter år 975 og Eirik var berre 13-15 år gamal. Det er òg truleg at Eirik på denne tida møtte sonen til Harald Blåtann, han som seinare vart kjend som kong Svein Tjugeskjegg. Dei to var om lag jamgamle, og om ein kan feste lit til kongesogene, var dei begge frillesøner. Opplysningar i Bandadråpa gir òg grunn til å tru at Eirik i dei neste åra titt låg ute i viking i vesterveg, truleg saman med Svein Haraldsson.

Jomsvikingslaget Om lag ti år seinare, hausten 985, vart Eirik kjend med at danskekongen var i ferd med å samle ein stor flåte for å gjere hærferd mot Håkon jarl i Noreg. Han samla då til seg folk og drog nord til Trondheimen for å åtvare Håkon jarl. Han kom såleis heim med «sann hærtidend»Gulatingslovi ved Knut Robberstad (Samlaget 1952) og om han før hadde vorte dømt «utlæg», var han no «ilend», og truleg vart han forlikt med faren og frendane sine, etter dette.

Håkon jarl hadde sagt seg fri frå dansk herredøme omkring år 975 (etter slaget mot keisar Otto II ved Danevirke) og den danske flåtestyrken var i røynda ein invasjonsflåte som på nytt skulle legge Noreg under dansk herredøme. Håkon jarl fekk tid til å kalle ut leidangen, slik det er nemnt i Eiriksdråpa (vers 4), og på ein våg på Møre, som sogene kallar Hjørungavåg, kom det til eit stort slag, det største sjøslaget i Noreg i vikingtida. Slaget fekk brei omtale i nokre av dei norrøne sogene, mellom andre i den særskilde «Jomsvikingsoga». Ikkje minst er slaget nemnt i fleire skaldedikt av samtidige skaldar, som Bandadråpa av Eyjolv Dådaskald, Eiriksflokkr av Halldor Ukristne, Belgskakadråpa og Eiriksdråpa,Eiriksdråpa av Tord Kolbeinsson (Skaldic Project) begge av Tord Kolbeinsson.

Etter dette slaget fekk Eirik jarl ry som ein mektig og sigersæl krigar. Frå sogene får vi òg det inntrykket at han synte seg som ein klok og framsynt sigerherre og gav grid til dei overvunne hovdingane. Snorre skreiv at Eirik jarl etter slaget drog «aust til riket sitt» og såleis heldt fram som danskekongen sin jarl i Vika.

Drapet på Håkon jarl Omkring år 995 fekk Eirik jarl tidend om at vikingkongen Olav Tryggvason hadde drepe faren, Håkon jarl, og hadde erobra kongsmakt i Noreg. Litt før denne tida hadde den svenske kongen Eirik Sigersæl hadde gjort åtak på Danmark og erobra landet, og Svein Tjugeskjegg hadde måtte røme frå riket sitt og var no på hærferd til dei britiske øyane. Både Eirik jarl og broren Svein jarl, reiste då ut or landet og drog til den svenske kongen. Eirik Sigersæl var i mellomtida avliden og kongen i Sverige på den tida var sonen hans, Olof Skötkonung. Skalden Tord Kolbeinsson sa det slik Belgskakadråpa (omsetjing iflg. Finnur Jónsson): Hafði sér við særi, slíks var ván at hánum, auðs en upp um kvæði Eiríkr í hug meira. Sótti reiðr at ráðum, rann engi því manna, þrályndi fékksk Þrœndum, Þrœnskr jarl konung sœnskan Eirik nærte større planar overfor han (Olav), det kunne ein vente; i sin vreide den trøndske jarl vitja den svenske kongen for å rådføre seg med han. Trønderane synte seg trassige, det kunne ingen hindre. I dei først åra etter 995 ser det ut til at Eirik jarl drog i vesterveg på vikingferd. Ein sumar herja han på kysten av Vendland (Polen) og seinare fór han lenger aust og herja i Gardarike, i Vladimir den store (Valdamar) sitt land. Han segla opp i elva Neva og inn i Ladogasjøen, der rana han og brende Aldeigjuborg, den byen som no heiter Staraja Ladoga.Austr í Gördum (kap.7) av Tatiana Jackson (russisk) Deretter herja han vidt og breitt i landet, i Estland (Aðalsýsla) og på øya Øsel (Eysýsla). Om desse vikingferdene fortel m.a. skalden Eyjolv Dådaskald i Bandadråpa.

Om hendingane i Danmark i åra 995-1000 er kjeldene usikre, men ein gong i denne tida må kong Svein Tjugeskjegg har gjort eit forlik med kong Olof i Sverige, slik at han fekk att styringa med Danmark, tydelegvis mot at kong Svein sende frå seg førstekona si, polske Gunnhild, og deretter gifte seg med Sigrid, mor til kong Olof og enka etter Eirik Sigersæl. Om lag samstundes (997) vart Eirik jarl gift med Gyda, dotter til kong Svein. Dette ekteskapet var sjølvsagt ein lekk i kong Svein sin alliansepolitikk, men det styrker òg inntrykket av at Eirik jarl og kong Svein hadde eit nært vennskap.

Slaget ved Svolder mini|300px|Mennene til Eirik jarl entrar Ormen lange. Teikna av Halfdan Egedius til Heimskringla. Tidleg på våren i året 999 eller 1000 vart det kjent at Olav Tryggvason var i ferd med å ruste ut ein stor flåte og var meint på å fare i hærferd sørover mot Danmark. Dei to kongane Svein Tjugeskjegg og Olof Skötkonung (som no var styksonen hans) og ladejarlane Eirik Håkonsson og truleg Svein Håkonsson (Eirik var versonen til kong Svein og Svein jarl var verbror til kong Olof) samla då styrkane sine, og det kom til eit slag på ein stad som vart kalla Svolder (Svǫlðr). Der fall kong Olav og sogene fortel at det var Eirik jarl som var banemannen hans.

I dette slaget hadde Eirik jarl framleis skipet sitt som vart kalla «Jernbarden», det same skipet han hadde hatt i slaget i Hjørungavåg. Skalden Halldor Ukristne var truleg med i hæren til Eirik jarl og han gjorde han eit dikt (ein flokkr) om slaget,Eiriksflokkr av Haldor Ukristne og der nemner han «høgborda Barden» (borðmikinn Barða). Der er det og nemnt at «Barden» la seg opp til sida på skipet til kong Olav, Ormen Lange (við Orm inn langa).

Skildringa av slaget ved Svolder har fått stor plass i dei norrøne sogene, men det meste er å rekne for prosadikting og har dermed liten verdi som historisk kjelde. Forteljinga om heimefylgjet frå Vendland er lite truverdig, lik eins skildringa av Einar Tambarskjelve som skaut med pil og boge mot Eirik jarl (sjå Slaget ved Nesjar). Kyrkjehistorikaren Adam av Bremen nemner berre kort om slaget, at kong Olav «gjekk til krig mot danskekongen».Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, kap.40 (Aschehoug 1993) ISBN 8203200281 Mange skaldar gjorde dikt om slaget, mellom dei Skule Torsteinsson (dikt om Svolder), Halldor Ukristne (Eiriksflokkr) og Hallfred Vandrådeskald (Arvedråpa om Olav Tryggvason).

Ladejarlane attende til Noreg

Etter slaget fekk ladejarlane Eirik og Svein styringa over Noreg, det riket som far deira, Håkon jarl den mektige, hadde rådd over. Eirik jarl var den eldste av dei, og Snorre skreiv: «Eirik jarl var den fremste av brørne i all styringa». Skalden Tord Kolbeinsson seier i Eiriksdråpa. at «landet nord for Vega og sør til Agder, og enda lenger», vart «lagt under Eirik jarl». I sogeverket Ågrip vert det kort og godt opplyst at Svein og Eirik fekk Noreg etter slaget, og seinare, og då Svein Tjugeskjegg var fallen ifrå, hadde «Eirik landet åleine»Ågrip or Noregs kongesoger kapittel 21, v/Gustav Indrebø (1973) ISBN 8252101623

Det er på denne tida at Snorre trur at Eirik jarl og Svein jarl let seg døype, men han legg til at dei let kvar gjere som dei ville med å halde kristendommen. Nokså sikkert dreiv dei aldri med tvangskristning, men utan tvil må dei begge reknast som kristne fyrstar, og i deira styringstid verka misjonsbiskopar som forkynte kristendommen i Noreg (Adam av Bremen (kap.41) nemner biskop Gotebald frå England).

Truleg var det ein gong i dei neste åra at dei knytte sterkare band til hovdingen Einar Tambarskjelve og gav han syster deira, Bergljot Håkonsdotter til kone. Herredømet til jarlane strekte seg i det minste frå Agder og heile Kyst-Noreg nordover. På Opplanda hadde ladejarlane alt tidlegare hatt stor påverknad, og det er òg truleg at Eirik jarl sitt jarlerike i Vika no vart lagt under norsk herredøme. Hersen Erling Skjalgsson på Sola skal ei viss tid, ha hatt ei meir sjølvstendig maktstilling i Sørvest-Noreg. Då Svein Håkonsson i 1016 møtte Olav Haraldsson i slaget ved Nesjar, var likevel Erling ein av dei som kjempa saman med ladejarlen.

Dei to ladejarlane, Eirik og Svein, herska over Noreg med jarlsnamn, og ein ser ofte at dette vert sett synonymt med «kongens jarl», noko som er ei historisk mistolking (Om jarletittelen, sjå: Håløygeætta).

Dei norrøne kjeldene gir berre få opplysninger om Eirik jarl som herskar over Noreg, men ein trur at det var i hans tid at det vart forbod mot holmgang i riket (sjå Soga om GretteSoga um Grette Aasmundsson v/Olav Røkke (1912) og Soga om Gunnlaug OrmstungeSoga om Gunnlaug Ormstunge av Jacob Fjalestad (1944) s.32). Det er òg gissa på at føresegnene om den trøndske motstandsretten fekk si første form i styringstida til Eirik jarl.

I åra 1000–1013 sende kong Svein Tjugeskjegg hærstyrkane sine for å erobre England og til sist fekk han oppfylt sitt store prosjekt: i jula 1013 vart han utropt til konge i England, der han vart kalla Sweyn Forkbeard. Det har vorte hevda at Eirik jarl gav støtte til verfar sin og var med i hærstyrken hans; særleg er nemnt hærferda i 1010. Mellom anna skuldast dette ei feiltolking av diktet «Eiriksdråpa» av Tord Kolbeinsson, som plasserer Eirik jarl i slaget ved Ringmere (hringmaraheidr) det året, men diktet viser i røynda til i eit slag på den same staden i 1015/1016, då i krigstoget til kong Knut den store. Ingen engelske eller norrøne kjelder gir grunnlag for å hevde at Eirik jarl var i England saman med kong Svein. mini|Eirik jarl tek farvel med sonen sin, før han reiser til kong Knut i England. Teikning av Erik Werenskiold (1899). Kong Svein Tjugeskjegg døydde i Gainsborough 3. februar 1014. Dei danske hærstyrkane måtte då reise attende til Danmark, men sonen hans, Knut Sveinsson, gjorde straks førebuingar for å vinne attende det riket faren hadde vunne. Kong Knut var då kanskje berre 20 år gamal, og han bad morbroren Eirik jarl om støtte. Eirik jarl var kjend for å vere den mest røynde og sigersæle hovdingen i norderlanda på den tida, og han drog no ut for å verta ein av hovdingane i hæren til kong Knut. Før han reiste frå Noreg, gav han styringa til sonen sin, Håkon Eiriksson jarl, men sette Einar Tambarskjelve til formyndaren hans.

Eirik jarl i England mini|Dei dansk-angelsaksiske jarldøma omkring år 1025. Eirik jarl sitt jarledøme Northumbria, markert i gult, utgjorde om lag ein fjerdedel av England.