Ljubica Christina Vukicevic () er ein norsk friidrettsutøvar. Christina Vukicevic tevlar for Ski Idrettslag og spesialiserer seg i 100 meter hekk. Personleg Ho har serbisk far, men er oppvaksen i Drøbak og Bærum. Far hennar, Petar Vukicevic, er fem gonger jugoslavisk meister på 110 meter hekk og deltok i sommar-OL 1980 og er også trenar for Christina. Bror hennar, Vladimir Vukicevic, er også hekkeløpar. Christina Vukicevic var lenge sambuar med spydkastaren Andreas Thorkildsen, men dei gjorde det slutt i 2011.VG.no, 06.03.11: Brudd mellom Thorkildsen og Vukicevic Ho er no kjæraste med fotballspelaren Vadim Demidov.
Idrett thumb|venstre|200px|Vukicevic etter sigeren på Bislett Games i 2011. Ho har teke gull på denne distansen under alle NM i friidrett frå 2004 til 2010. I tillegg har ho bak seg eit gull frå ungdoms-OL i Paris 2003, sølv frå junior-EM i Kaunas i 2005, sølv frå junior-VM i Beijing 2006 samt to medaljar frå U23-EM, sølv i Debrecen 2007 og gull i Kaunas 2009. Alle desse medaljane er tekne på 100 meter hekk.
Vukicevic deltok under sommar-OL 2008 i Beijing og skulle delta på nytt under sommar-OL 2012 i London.Dagbladet, 12.07.12: Her er hele den norske OL-troppen Men på grunn av ein skadeprega sesong valde Vukicevic å trekkja seg frå OL den 30. juli.Nrk.no, 30.07.12: Vukicevic trekker seg fra OL
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Christina Vukicevic» frå , den 21. juli 2012.
Fotnotar
Kategori:Norske hekkeløparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Kongepokalvinnarar i friidrett Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Folk frå Frogn Kategori:Folk frå Bærum