Karoline Charlotte Dyhre Breivang () er ein norsk handballspelar frå Oslo som sidan 2005 har spela for Larvik Håndballklubb. Ho vart europacupmeister med klubben i 2008 og er sju år på rad (2006-12) seriemeister. Breivang har i perioden 2004-12 vunne fire EM-gull, to OL-gull og eitt VM-gull med Noregs handballandslag. Mellom 2000 og august 2012 har ho spela 254 landskampar og skåra 421 landslagsmål.

Aktiv Breivang spela for Stabæk då ho hausten 2000 vart teken ut på det norske kvinnelandslaget i handball til EM 2000. Her fekk ho sin landslagsdebut mot Ungarn den 30. november. Med fleire ferske landslagsspelarar på laget kom Noreg på sjetteplass i meisterskapen. Hennar neste store meisterskap var EM 2004, der Noreg gjekk heilt til topps. Ho spela for Stabæk fram til sommaren 2005, då ho melde overgang til Larvik HK.

Sidan 2004 har Breivang vore med i Noregs tropp til alle meisterskap, no fram til 2012. Desse åra vann ho EM-gull i 2006, VM-sølv i 2007, både OL- og EM-gull i 2008, VM-bronse i 2009, det fjerde rake EM-gullet i 2010, sitt fyrste VM-gull i 2011 og sitt andre OL-gull i 2012.

Merittar landslag EM 2000: Nr 6 med Noreg EM 2004: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark VM 2005: Nr 9 med Noreg EM 2006: Gullmedalje etter 27–24 mot Russland VM 2007: Sølvmedalje etter 24–29 mot Russland OL 2008 i Beijing: Gull etter norsk siger 34-27 over Russland EM 2008: Gullmedalje etter 34–21 mot Spania VM 2009: Bronsemedalje etter 26–21 mot Spania EM 2010: Gullmedalje etter 25–20 mot Sverige VM 2011: Gullmedalje etter 32–24 mot Frankrike OL 2012: Gullmedalje etter 26–23 over Montenegro EM 2012: Sølvmedalje etter 31–34 mot Montenegro VM 2013: Nr 5 med Noreg EM 2014: Gullmedalje etter 28–25 mot Spania

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Karoline Breivang» frå , den 23. juli 2012.

Bakgrunnsstoff Spelarprofil på Handball.no

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Spelarar i Handball-EM 2000 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2004 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2006 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2008 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2010 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2012 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2005 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2007 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2009 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2011 for kvinner Kategori:Folk frå Oslo