Langøy, eller Longøyo er ei øy i Fitjar kommune i Fitjarøyane, vest for sjølve Fitjar sentrum. Langøy ligg mellom Ivarsøy og Avløypet i aust, Ålforo i sør, Siglo i nord og Torsdagsøy i vest. Øya er kring 1 km lang og 400 meter på det breiaste. Det ligg ei stor vik på sørsida av øya og to mindre viker på nordsida.
Garden på øya er ein av dei yngste i Fitjar og vart utskild som eigen gard i 1838. Før dette hadde øya vore husmannsplass under Fitjargarden, før plasset vart kjøpt i 1758 av eigaren av Fitjargarden. Gardsnamnet er òg vorte skriven Langøen.
Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Stord prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Fitjar herred, frå Digitalarkivet 5 5
Kjelder
Kategori:Gardar på Fitjar Kategori:Fitjarøyane Kategori:Øyar i Fitjar