«Heart of the Sunrise» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve på albumet Fragile i 1971. Songen er skriven av Jon Anderson, Bill Bruford og Chris Squire. Rick Wakeman var òg med under komponeringa, men måtte av kontraktsmessige årsaker avstå frå kreditering. Dette er den lengste songen til albumet, med sine 10 minutt og 35 sekund.

Struktur Songen startar med eit tema i form av eit bass-riff i 3/4-dels takt. Resten av instrumenta kjem gradvis med på temaet, som etter sekvensen går over til ei slags funk-stil i 4/4-dels takt. Dette «funk»-temaet brytast så av med ein trippel repetisjon av opningstemaet.

Ein mjuk melodi på gitar spelast og blir modulert før første vokale vers. Denne seksjonen startar i 6/8-dels takt, men går snart over i eit nytt tema som blir spelt i 5/8-dels takt. Mot slutten av songen kjem eit collage av dei ulike temaa til songen som byggjer opp mot eit crescendo før songen endar brått.

Konsertversjonar Under konsertar blir songen framført stort sett som innspelinga, men med ei lita endring i «funk»-temaet som etterkvart har fått eit reggae-preg. Songen er bandet sitt fjerde mest spelt under konsertar,Forgotten Yesterdays og finst på fleire av konsertalbuma til bandet.

Offisielle utgjevingar med konsertopptak av «Heart of the Sunrise»: Yessongs Symphonic Live The Word Is Live Yesyears An Evening of Yes Music Plus (med Anderson Bruford Wakeman Howe) Live at Montreux 2003 Union Live In the Present – Live from Lyon

Medverkande

Jon Anderson: vokal Steve Howe: elektrisk gitar Chris Squire: bass Rick Wakeman: Hammondorgel, Mellotron, synthesizer Bill Bruford: trommer, perkusjon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Heart of the Sunrise» frå , den 28. juli 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Yes-songar Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Songar skrivne av Bill Bruford Kategori:Songar skrivne av Jon Anderson Kategori:Songar skrivne av Chris Squire Kategori:Songar produserte av Eddy Offord