Eggøy er ei øy i Fitjarøyane i Fitjar kommune. Ho ligg på vestsida av Nyleia, mellom Siglo i aust, Torsdagsøy i sør, Eidøy i vest og Selbjørnsfjorden i nord. Øya er veglaus og utan fast busetjing.

Garden Garden på øya vert kalla Austre Eggøy, medan Vestre Eggøy ligg på naboøya Eidøy. Opphavleg var Eggøy husmannsplass under Fitjargarden, som eigde øyane her vest til Trollosen. Plasset vart skuldsett som eigen gard i 1723.

Namn Namnet kjem av egg, og truleg var det mykje sjøfugl som hekka her i gammal tid, og så har øya fått namn etter det.

Gardnamnet har vorte skrive Egøen i 1718, Ægøen i 1816, Ekøen i 1838, Eggøen i 1890. Namnet vert i dag skrive Eggøy.

Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Stord prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Fitjar herred, frå Digitalarkivet 2000 9 11 0

Kjelder

Kategori:Gardar på Fitjar Kategori:Fitjarøyane Kategori:Øyar i Fitjar