mini|400px|right|Kyrkja ved Yasonneset i 2009 Yasonneset (tyrkisk Yason Burnu) er eit nes ved landsbyane Çaytepe og Çaka (offisielt Aziziye) i distriktet Perşembe i provinsen Ordu i Tyrkia. Namnet kjem frå ein figur frå gresk mytologi, Jason, som var leiar for argonautane.

I antikken stod det eit Jason-tempel på neset, som verna siglarane i Svartehavet mot farlege farvatn. Ei kyrkje erstatta seinare tempelet og stod der med same føremål. Den noverande kyrkja på neset vart bygd i 1868 av georgiarar og grekarar som budde i regionen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cape Jason» frå , den 5. august 2012. oppgav desse kjeldene: Özhan Öztürk. Black Sea: Encyclopedic Dictionary. 2 Volums. Heyamola Publishing. Istanbul. 2005. ISBN 975-6121-00-9.

Kategori:Nes i Tyrkia Kategori:Provinsen Ordu