Justin Gatlin () er ein tidlegare sprintar frå USA. Han tevla i både 100 meter og 200 meter sprint.
Gatlin har tidlegare delteke i sommar-OL 2004 i Aten, der han vann gull på 100 meter og bronse på 200 meter i tillegg til sølv på 4 x 100 meter stafett. Under VM i friidrett 2005 i Helsingfors tok Gatlin gull på både 100 meter og 200 meter. I 2006 var han ein hundredel frå å setja ny verdsrekord på 100 meter, før han same året vart teken i doping. Opphavleg vart Gatlin utestengd frå idretten i åtte år, men straffa vart seinare korta ned til fire år.Nrk.no, 05.08.12: - Har aktører som fra en såpeopera Gatlin gjekk difor glipp av m.a. Sommar-OL 2008 i Beijing.
Gatlins personlege rekordar på 100 meter og 200 meter lyder 9,74 og 19,57 sekund. Begge desse rekordane er frå 2015-sesongen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2004 i Aten: Gull på 100 m, sølv i 4 x 100 m stafett, bronse på 200 m VM 2005 i Helsinki: Gullmedalje på 100 m og 200 m VM 2011 i Daegu: Utslått i semifinalane på 100 m (10,23=nr 14) OL 2012 i London: Bronsemedalje på 100 m – 9,79 VM 2013 i Moskva: Sølvmedalje på 100 m og i 4 x 100 m stafett VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje på 100 m og 200 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje på 100 m – 9,89 VM 2017 i London: Gullmedalje på 100 m, sølvmedalje i 4 x 100 m stafett VM 2019 i Doha: Gullmedalje i 4 x 100 m stafett, sølvmedalje på 100 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Justin Gatlin» frå , den 6. august 2012.
World Athletics
Kategori:Sprintarar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Dopingsaker i friidrett Kategori:Folk frå New York City