Dei pontiske fjella (tyrkisk Kuzey Anadolu Dağları) er ei fjellkjede nord i Tyrkia, òg kjend som Parharfjella. Parhar kjem frå det hittitiske ordet som tyder høg eller topp..Karadeniz Ansiklopedik Sözlük .

Fjellkjeda går om lag frå aust til vest, parallelt og nær sørkysten av Svartehavet og strekkjer seg nordaust til Georgia. Den høgaste toppen i fjellkjeda er Kaçkar Dağı, som har ei høgd på 3937 meter over havet. Den nordanatoliske forkastinga og Den nordaustanatoliske forkastinga, som er horisontalforkastingar, somg år langs heile fjellkjeda. Fjella er generelt dekte av tett skog, hovudsakleg barskog.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pontic Mountains» frå , den 8. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fjellkjeder i Tyrkia Kategori:Fjell i Georgia Kategori:Svartehavsregionen