Shelly-Ann Fraser-Pryce () er ein jamaicansk friiidrettsutøvar som har tilhøyrt verdseliten i sprint sidan 2008. Ho har vunne tre olympisk gullmedaljar og ti VM-gull på 100 meter, 200 meter og i 4 x 100 meter stafett. I alt sanka ho åtte OL-medaljar og seksten VM-medaljar i perioden 2007-23.
Aktiv Shelly-Ann Fraser deltok for fyrste gong i verdsmeisterskap under VM i friidrett 2007 i Osaka. Her fekk ho sølv med det jamaicanske stafettlaget, sjølv om ho ikkje deltok i sjølve finalen.
Sommar-OL 2008 i Beijing vart ein imponerande OL-debut av Fraser. Ho sprang til gull på 100 meter sprint med tida 10,78 sekund framom to andre landskvinner på delt sølvmedaljeplass; Sherone Simpson og Kerron Stewart. Fraser vart fyrste jamaicanske kvinne som vann olympisk gull på denne distansen nokonsinne. Ho deltok også på stafettlaget under desse leikane.
Under VM i friidrett 2009 i Berlin vart Fraser verdsmeister på 100 meter med tida 10,73; ny jamaicansk rekord. På plassane bak henne kom Kerron Stewart og Carmelita Jeter, sistnemnte frå USA. Saman med Simone Facey, Aleen Bailey og Kerron Stewart tok Fraser også gull på 4 x 100 meter stafett med tida 42,06. To år seinare, då VM i friidrett 2011 fann stad i Daegu fekk ho sølv med det jamaicanske stafettlaget. På 100-meteren enda ho på fjerdeplassen.
Sommaren 2012 flytta Fraser-Pryce landsrekorden til 10,70 heime i Kingston, før ho forsvarte tittelen som olympisk meister på 100 meter under London-leikane 2012. På 200 meter tok ho OL-sølv bak Allyson Felix frå USA. Frå Friidretts-VM 2013 i Moskva reiste Fraser-Pryce med tre gullmedaljar, etter siger på 100 m, 200 m og den korte stafetten. Under verdsmeisterskapen 2015 forsvarte ho posisjonen som verdas raskaste kvinne med siger på 100 meter og stafettgull for Jamaica.
Etter hennar landskvinne, Elaine Thompson-Herah, tok over som verdas beste sprintar på kvinnesida, kom Fraser-Pryce tilbake på toppen i 2019. Med 10,71, hennar kjappaste løp på seks år, sikra ho seg sitt sjette VM-/OL-gull på 100 meter. På 4 x 100 m stafett sprang ho den andre etappen for Jamaicas vinnarlag.
I slutten av juni 2021 vart Fraser-Pryce jamaicansk meister på 100 så vel som 200 meter. På den kortaste distansen forbetra ho landsrekorden til 10,63, på 200 m kom ho mål til tida 21,79, det var aller fyrste gongen ho sprang under 22 sekund. Under dei olympiske leikane i Tokyo kom Fraser-Pryce i mål til sølv på 100 m, berre Thompson-Herah sprang fortare. 26. august 2021 flytta Fraser-Pryce sin personbeste på 100 m til 10,60 sekund i Lausanne, likevel vart ho slått av Thomspon-Herah.
Under verdsmeisterskapen i Eugene i Oregon vart Fraser-Pryce verdsmeister på 100 meter for femte gong, ein prestasjon ingen har gjort henne etter.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje i 4 x 100 m stafett OL 2008 i Beijing: Gullmedalje på 100 m – 10,78 VM 2009 i Berlin: Gull på 100 m – 10,73, og i 4 x 100 m stafett VM 2011 i Daegu: Nr 4 på 100 m -10,99, sølv i 4 x 100 m stafett OL 2012 i London: Gull på 100 m – 10,75, sølv på 200 m – 22,09 og i 4 x 100 m stafett VM 2013 i Moskva: Gull på 100 m – 10,71 og 200 m – 22,17 og i 4 x 100 m stafett VM 2015 i Beijing: Gull på 100 m – 10,76 og i 4 x 100 m stafett OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronse på 100 m, sølv i 4 x 100 m stafett VM 2019 i Doha: Gull på 100 m – 10,71 og i 4 x 100 m stafett OL i 2021 i Tokyo: Sølv på 100 m – 10,74 VM 2022 i Eugene: Gull på 100 m – 10,67, sølv på 200 m – 21,81, og sølv i 4 x 100 m stafett VM 2023 i Budapest: Bronsemedalje på 100 m – 10,77. Sølv i 4 x 100 m stafett VM 2025 i Tokyo: Sølvmedalje i 4 x 100 m stafett. Nr 6 på 100 m – 11,03
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Shelly-Ann Fraser-Pryce» frå , den 22. juni 2022.
World Athletics
Kategori:Jamaicanske sprintarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Jamaica Kategori:Olympiske meistrar for Jamaica Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Jamaica Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Jamaica Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020