Kapıdağhalvøya (tyrkisk Kapıdağ Yarımadası) er ein tombolo nordvest i Anatolia som strekkjer seg ut i Marmarahavet i provinsen Balıkesir i Tyrkia. Halvøyar dannar Bandırmabukta i aust og Erdekbukta i vest.
Kapıdağ var i antikken øya Arctonnesus, men vart landfast via eit smalt eid i historisk tid av anten eit jordskjelv, eller i følgje segna, av Aleksander den store. Ho vert òg kalla Cyzicushalvøya, etter den største byen på halvøya.
Cyzicus vart fråflytta på grunn av ei rekkje kraftige jordskjelv, men var i 1303 og 1304 basen til Det katalanske austkompaniet og åstad for slaget ved Cyzicus i oktober 1303. Etter at ho vart erobra av Det osmanske riket, vart ho ein del av Erdek kaza i provinsen Bursa.
Stader Erdek, ein liten by ved kysten, ligg ved Erdekbukta på vestsida av halvøya. I Erdek ein marinebase for den tyrkiske marinen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kapıdağ Peninsula» frå , den 10. august 2012.
Bakgrunnsstoff Turisme
Kategori:Halvøyar i Tyrkia Kategori:Marmarahavet Kategori:Provinsen Balıkesir