Sājūr (arabisk نهر الساجور) er ei 108 km lang elv som spring ut i Tyrkia og som munnar ut i Eufrat i Syria. Ho er den minste av dei tre elvane som munnar ut i Eufrat i Syria, og den einaste sideelva til Eufrat frå høgre. Det har budd folk kring Sajur sidan eldre steinalder.

Sājūr er 108 km lang og 60 km av dette er i Tyrkia. Ho har to kjeldeelvar som renn saman sør for Gaziantep. Frå der renn Sājūr søraustover til ho kryssar grensa til Syria. Elva renn så om lag austover til ho munnar ut i Eufrat på høgresida i området som i dag er reservoaret danna av Tishrindemninga. I Syria skjer elva seg gjennom ein dal på Manbijsletta mellom 20 og 100 meter djup, og opp mot 500 meter brei. Middelvassføringa er kring 4 kubikkmeter per sekund, men i februar og mars kan dette auke til 7 kubikkmeter per sekund.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sajur River» frå , den 12. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Elvar i Syria Kategori:Elvar i Tyrkia Kategori:Internasjonale elvar i Asia Kategori:Provinsen Gaziantep Kategori:Eufrat