Oddmund Halvar Bye () var ein norsk fiskar, fiskerileiar og politikar frå Myre i Vesterålen. Han var leiar av Norges Fiskarlag i perioden 1994–2001.
Bye stod på Nordland Høgre si liste ved stortingsvalet i 1993, og var i perioden 1993-97 partiet sin tredje vararepresentant til Stortinget. Seinare melde Bye seg ut av Høgre og stilte på ei såkalla uavhengig liste i lokalpolitikken. Han var medlem av kommunestyret i Øksnes kommune fram til han døydde.
Bye var aktiv medlem i Norges Fiskarlag, både som styremedlem og frå 1994 til 2001 som formann for organisasjonen.
Han omkom i einmannssjarken sin på havet utanfor Andøya. Bye og båten vart attfunnen 25 nautiske mil nordvest av Andenes.
Kjelder
Kategori:Folk frå Øksnes Kategori:Norske fiskarar Kategori:Høgrepolitikarar i Nordland Kategori:Lokalpolitikarar i Øksnes