Abantsjøen (tyrkisk Abant Gölü) er ein innsjø i provinsen Bolu nordvest i Anatolia i Tyrkia, danna etter eit stort jordras. Innsjøen ligg 1328 meter over havet, 32 km frå byen Bolu. Det er eit populært fritidsområde og ligg 21 km frå vegen mellom İstanbul og Ankara ved Bolufjellet. Abantsjøen er ein naturpark.
Innsjøen har eit areal på 1,28 km2 og er på det djupate 18 meter. Det ligg to store hotell ved innsjøen. Det veks svartfuru, furu, eik, ask, agnbøk, piletre, einebærbusk, tamarisk, hassel, mispel og jordbærtre er av tre som veks i skogen kring innsjøen. Her finn ein òg villsvin, dåhjort, rådyr, brunbjørn, gråulv, raudrev, sjakal og kanin.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lake Abant Nature Park» frå , den 13. august 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Reiseguide Om Abantsjøen
Abant Abant Kategori:Naturreservat i Tyrkia Kategori:Turistmål i provinsen Bolu