Jørre André Kjemperud () er ein norsk tidlegare sandvolleyballspelar frå Vikersund. Profil på olympiatoppen.no Han spelte også innandørs volleyball både i Lier, KFUM-Oslo, Kristiansund og Randaberg.

Karriere Kjemperud tok til å markera seg i internasjonale tevlingar frå 1994.Profil hjå Beach Volleyball Database I 1997 vart han europameister i sandvolleyball saman med makkeren Vegard Høidalen. Dei to vann EM-bronse fire gonger og deltok under sommar-OL 2000 i Sydney. I 2001 vann dei bronse under VM i sandvolleyball.

Kjemperud og Høidalen representerte Noreg på nytt under sommar-OL 2004 i Aten. Etter desse leikane bytte Kjemperud makker og spelte frå no av med Tarjei Skarlund. Dei to representerte saman Noreg under sommar-OL 2008 i Beijing. Kjemperud si beste plassering under eit OL er ein 9. plass (2000 og 2004). Til saman deltok han i 6 NM i sandvolleyball i karrieren sin. Som innandørs volleyballspelar spelte han i 20 landskampar for Noreg.

I 2012 slutta Kjemperud med volleyballen og tok over eigarskapen over Quality Spa & Resort Kragerø i Kragerø. Drammens Tidende, 01.06.12: Dropper volleyballen for å drive spahotell i Kragerø

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske sandvolleyballspelarar Kategori:Europameistrar i sandvolleyball Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Sandvolleyballspelarar under sommar-OL 2000 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Sandvolleyballspelarar under sommar-OL 2004 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Sandvolleyballspelarar under sommar-OL 2008 Kategori:Folk frå Modum