Edmé Mariotte () var ein fransk fysikar.

Han var først prior i eit kloster ved Dijon, og vart i 1666 medlem av Det franske vitskapsakademiet i Paris. Han fann, uahengig av Boyle, den lova som sidan har vorte kalla Boyle-Mariotte-lova. Han gav ei form for barometrisk høgdemåling, fann opp Mariotte-flaska, påviste blindeflekken på auga, undersøkte væskestraumar gjennom røyr, støyt mellom elastiske lekamar og gjorde viktige studiar av atmosfæriske forhold, som vasskrinslaupet.

Kjelder

Kategori:Franske fysikarar Kategori:Fysikarar på 1600-talet