Cyrus J. Young, kjend som Cy Young, (), var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Modesto i California som tevla i spydkast. I 1952 vart han den fyrste frå USA som vann OL-gull i spydkasting.

Aktiv Under OL 1952 i Helsingfors braut Young og landsmannen Bill Miller det finske hegemoniet i spydkast. Miller tok leiinga i fyrste omgang med 72,46 meter, framom finnen Toivo Hyytiäinen som kasta 71,89 m. Young, som låg på sjuandeplass med 68,45 m, slengte i andre omgangen spydet 73,78 m, ny olympisk rekord. Med dette kastet overtok han leiinga, ei plassering som heldt seg då stillinga mellom dei fire beste ikkje endra seg sidan i tevlinga. Sidan i sesongen sette han USA-rekord med 78,12 meter.

Fire år seinare vann Young sitt einaste USA-meisterskap med det gode resultatet 75,57 m. Han deltok så under OL 1956 i Melbourne, og sette ny olympisk rekord i kvalifiseringa med eit kast på 74,76 m. I finalen skada han eit okle og enda på ellevteplassen, norske Egil Danielsen vann OL-gullet med ny verdsrekord på 85,71 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1952 i Helsingfors: Gullmedalje – 73,78 m, framom Bill Miller (72,46 m) OL 1956 i Melbourne: Nr 11 – 68,64 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cy Young (athlete)» frå , den 17. august 2012.

World Athletics

Kategori:USA-amerikanske spydkastarar Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske meistrar i spydkast Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956