Kemtuik er eit nimboransk språk som blir snakka på nordkysten av den indonesiske delen av Ny-Guinea. Språket skil seg lite frå gresi, og har også mykje til felles med ordforrådet i nimboransk. I følgje Ethnologue hadde kemtuik 2500 talarar i 1987. Språket blir brukt av alle aldersgrupper. Mellom ein fjerdedel og halvparten av talarane kan lesa og skriva kemtuik.
Bakgrunnsstoff Wilden, Jelly van der, 1976. «Kemtuk kinship», Irian: Bulletin of Irian Jaya Development , Vol. 5(1)
Kjelder
Ethnologue
Kategori:Nimboranspråk Kategori:Einskildspråk Kategori:Språk i Indonesia