Antalya er ein by ved kysten av Middelhavet sørvest i Tyrkia. Han var den tredje mest vitja byen av utlendingar i verda i 2011, føre New York, og er den største internasjonale feriebyen i Tyrkia. Byen har tett opp under ein million innbyggjarar, men byen kan romme opp til to millionar menneske i den hektiske turistsesongen om sommaren. Byen er plassert i ei bratt klippe, omgjeve av fjell, skogar, Middelhavet og mange antikke ruinar, og har eit anerkjent arkeologisk museum. Utviklinga av turistindustrien, som starta i 1970-åra, har omvandla byen til eit internasjonalt rekreasjonssenter. Flyplassen til byen og den sentrale plasseringa har gjort han til inngangsporten til den tyrkiske rivieraen, og blir ofte omtalt som hovudstaden for turisme i Tyrkia.
Den rustikke gamlebyen Kaleici har mange verna historiske hus, både tyrkiske og greske. Dette er den mest populære bydelen i Antalya, med sine tronge, brulagde gater og gamle hus som no er hotell og turistretta butikkar. Spor av lykisk, gresk, romersk, bysantinsk, seldsjukisk og osmansk arkitektur og kultur kan enno sjåast. Dessutan husar Antalya museum mange funn frå historia til Anatolia.
Konyaalti- og Larastrendene i Antalya er kjent for å ha det reinaste vatnet i heile Middelhavet.
Etymologi På 100-talet f.Kr beordra kong Attalos II av Pergamon undersåttane sine å finne «Himmelen på jorda». Etter ei lang leiting, oppdaga dei dette området og erklærte at «dette må vere Himmelen», og kong Attalos grunnla byen og gav han namnet Attaleia (gresk: Αττάλεια) som seinare vart Adalia og deretter Antalya.
Historie
mini|venstre|Hadrianporten
I Karaingrotta, 30 km nord for Antalya, er det funne spor av busetjing frå tidleg paleolittisk tid (150 000-200 000 år sidan).Sjå and Andre funn, både frå neolittisk tid og frå nyare periodar, viser at området har vore folkesett av mange ulike sivilisasjonar opp gjennom tidene.
Skrifter frå hettittisk tid viser til området som ein del av «Lukkalanda» (som er opphavet til namnet «Lykia») og dokumenterer det livlege samkvemmet mellom provinsane i det andre tusenåret før vår tidsrekning. Som sine etterkomarar var folka i Lukka, eller Lykia, kjent som dugelege sjøfararar (spesielt som piratar) og viste eit gloande uavhengig sinnelag. Korkje hettittane eller kongedømmet Arzawa på vestkysten kunne halde dei i ro særleg lenge.
Historiske dokument viser korleis byane utvikla seg uavhengig, korleis området som heilskap vart kalla Pamfylia og korleis det i klassisk tid vart danna ein føderasjon av bystatar i provinsen. Det er òg historier om innvandringa av Akha-klanen til området etter Trojanarkrigen.
Området var underlagt kongedømmet Lydia frå 600-talet f.kr. Herredømet Lydia i Vest-Anatolia tok slutt då dei tapte mot persarane i slaget ved Sardis i 546 fvt. Styret til persarane vart stoppa av den makedonske hærføraren Aleksander den store som rundt 334 fvt. erobra byane i området ein etter ein – unntatt Termessos og Sillyon som klarte å slå tilbake armeane hans i 333 f.Kr. Etter Alexander døydde i 323 f.Kr. følgde ein periode med strid som varte til 188 f.Kr.
mini|venstre|Antalya by
Etter nederlaget til selevkidane ved Apamea byrja herredømet til kongedømet Pergamon. I 150 f.Kr. grunnla kong Attalos II av Pergamon byen Attalia (dagens Antalya) som base for den mektige flåten sin. Då Attalos III, siste kongen av Pergamon, døydde i 133 f.Kr. overlét han kongedømet til romarane. Etter det starta ein epoke i regionen der piratane og dei små byane til piratane spelte ei viktig rolle. Kristendommen byrja å bli utbreidd i området etter det 100-talet. Medan Antalya var under bysantinsk overhøgd hadde byen ei viktig utvikling, fram til 400- og 500-talet, då Antalya hadde spreidd seg utanfor bymurane. Frå 600-talet av byrja muslimske arabarar å bli dominerande i regionen. Hæren til Ludvig VII sigla dit med kurs for Syria i 1148, og flåten til Rikard Løvehjarte av England samla seg der før erobringa av Kypros. Mellom åra 1120 og 1206 var Antalya igjen under bysantinsk herredømme. Antalya spelte ei viktig rolle i mellomalderhistoria til Levanten. Kilij Arslan hadde eit palass der.
Med erobringa til dei seldsjukkiske tyrkarane av Konya i 1207 og deretter Alanya i 1220 var det slutten på det bysantinske herredømmet for siste gongen. Antalya vart hovudstad i provinsen Tekke, som etter fallet til seldsjukkane passerte gjennom mange hender, inkludert Venezia og Genova, før den endelege okkupasjonen av dei osmanske tyrkarane under Murad II i 1432.
mini|Hıdırlık-tårna, bygde på 200-talet e.Kr.
Den arabiske oppdagaren Ibn Battuta som vitja byen mellom 1335 og 1340 skreiv:
Frå Alaya drog eg til Antaliya [Adalia], ein særs ven by. Han dekker eit veldig område, men er trass storleiken sin ein av dei mest tiltrekkande byane ein kan sjå noko stad, omfram at han er overmåte folkerik og godt planlagt. Kvar seksjon av innbyggjarane bur i det separate kvarteret sitt. Dei kristne handelsmennene bur i eit kvarter som blir kalla Mint [Hamna], som er omgjeve av ein mur viss portar blir lukka mot dei frå utsida om natta og under fredagsbøna. Grekarane, som var dei tidlegare innbyggjarane, bur for seg sjølv i eit anna kvarter av byen, jødane i eit anna, og kongen og hoffet hans og mamelukkar i eit anna, og kvar av desse kvartera er likeeins omslutta av murar. Resten av muslimane bur i hovudbyen. Rundt heile byen og alle kvartera som er nemnt går det endå ein stor mur. Byen rommar frukthagar som produserer utsøkte frukter, herunder ein beundringsverdig svart aprikos, som dei kallar Qamar ad-Din, og som har ein søt mandel i kjernen sin. Frukta blir tørka og eksportert til Egypt, der han blir rekna som ein stor luksus.Sitron vert framleis kalla Addaliya i Egypt.
På 1700-talet, i likskap med mesteparten av Anatolia, var byen sin faktiske herskar ein De Bey. Familien Tekke Oglu med heimstad ved Perga, fortsette, sjølv om dei vart redusert til underkasting i 1812 av Mahmud II, å vere ei rivaliserande makt til den osmanske guvernøren heilt opp til noverande generasjon, og overlevde fallet til Anatolias øvrige store Bey'er med mange år. Arkiva til det engelske The Levant Company, som hadde eit viktig kontor her til 1825, inneheld besynderleg informasjon om dei lokale De Bey'ane. Folkesetnaden i Antalya var i 1911 rundt 25 000, og inkluderte mange kristne og jødar, som i likskap med i mellomalderen budde i separate kvarter, med dei førstnemnde rundt den muromkransede minaen, eller hamna. Hamna vart berre betent av dei kystgåande dampbåtane til dei lokale selskapa. Antalya (som då heitte Adalia) var på den tida eit svært pittoresk, men dårleg bygd og tilbakeståande stad. Det viktigast å sjå på her var bymuren, der det på utsida gjekk ein god og rein promenade som har overlevt til i dag. Kontora til styresmaktene og husa til overklassa var alle på utsida av muren.Wikisource EB1911
Den korte okkupasjonen til italienarane av området fekk ein brå slutt etter første verdskrigen var over, i og med danninga av den tyrkiske republikken i 1923. Området er no ein provins i republikken Tyrkia.
Ein viktig historisk person som vitja Antalya var apostelen Paulus, som skildra i Apostelgjerningane (14:25-26), der Antalya blir referert til som Attalia. Paulus og St. Barnabas drog til Antalya og sigla derfrå til Antiokia etter å ha preika i regionane Pisidia og Pamfylia.
Klima thumb|Lara-distriktet i Antalya
Antalya har middelhavsklima. Dei milde vêrtilhøva gjer det mogleg å feriere der heile året. Einskilde dagar kan ein i Kemer oppleve fire årstider i løpet av ein dag. 300 dagar av året er solfylte. Dette gjer at Antalya er ein av få byar som nyttar seg av solenergi for bygningane til byen.
Somrane er regnfattige og varme. Om vinteren er det regnfullt og mildt. Det fell aldri snø nær kystlinja. Fjella i nord og den milde vinden frå sør gjer at temperaturen sjeldan fell under 10 °C i dette området. Med unntak av einskilde veker med mykje regn, er havstemperaturen vanlegvis alltid over 15 °C, kva for eit gjer at ein i prinsippet kan bade året rundt.
Festivalar
Antalyafestivalen, Antalya, 12.-29. september, 18 dagar Antalya Golden Orange Film Festival, Antalya, siste veke i september Mediterranean International Music Festival, Antalya, 5.-11. oktober, 6 dagar Antalya Honey Festival, Gündogmus, 15. august, 1 dag International Folk Music and Dance Festival Competition, Antalya, siste veke i august International Aspendos Opera and Ballett Festival, Aspendos, 10. juni, 22. juli Antalya Piano Festival, Atatürk Kultursenter, 20.-26. oktober Antalya Malerifestival, Atatürk Kultursenter, 2.-7. september Beachpark Rock Festival, Antalya Beachpark, 17.-19. oktober Kas-Demre Festival, Kas-Demre, 4.-8. desember, 5 dagar Mediterranean Golden Orange Wrestling, Kumluca, 18.-20. mai, 3 dagar
Messer Anfaş Food Product Fair, Antalya Expo Center, 21.-24. februar
Natteliv
thumb|right|Antalya i skumringa
Etter mørket pulserer Antalya med kva som unekteleg er den tyrkiske sørkysten sitt livlegaste utelivet, fokusert på eit breitt utval av klubbar og barar. Dei fleste barar gjer òg teneste som diskotek, og dei fleste hotella tilbyr variert underhaldning, vanlegvis med magedans, som òg er ope for ikkje-gjestar.
Konyaalti Beach Park og Lara Beach Fasilitetane ved Beach Park har mange klubber og barar. Strandklubbene som serverer om dagen blir til nattklubber etter solnedgang.
Transport
Fly: Antalya Airport har samband til dei fleste hovudstadene i verda. Airport Service Bums opererer mellom lufthamna og bysentret. Buss: Med buss er det transport til nesten kvar einaste by i Tyrkia, med avgang frå Antalya busstasjon (Otogar). Ferje: Det er ferjerute frå Antalya til Venezia i verksemd. Det blir arbeidd med ein ekspansjon av ruter med hurtigferjer.
Transport innan byen Buss: Bussrutene dekker stort sett alle dele av byen. Dolmus: Dolmus tyder direkte omsett «fylt opp». Dolmus er ein stor bil, ein stasjonsvogn, ein vanleg taxi eller ein minibuss som køyrer ei bestemd rute. Dei fleste stasjonane for kollektivtransport har ein dolmusstasjon, der du berre set deg inn i den dolmusen som køyrer den ynskte ruta di. Føraren vil vente til dolmusen er full før han byrjar turen. Passasjerane betalar i samsvar med avstanden dei har reist og dei kan gå av og på når dei ynskjer ved å informere sjåføren. Det er ein veldig praktisk transportmåte, og mykje billegare enn taxi. Dolmusprisene blir fastsett av kommunane. Taxiar: Taxiar er talrike over heile Tyrkia og har gul farge med opplyste «taxi»-skilt på taket. Alle taxiar har taksameter og det er to ulike prisar. Frå midnatt (24:00) til morgonen (06:00) kostar det 50% meir enn prisen på dagtid. Trikk: Han eine trikkelinja byrjar ved Antalya Museum, Antalya Beach Park (ved Konyaalti Beach) og hotella Sheraton Voyager og Falez i vest, og går austover langs hovedboulevarden til bysentrum ved Kalekapisi. Deretter snur han til høgre (sørover) og passerer Hadrians Port og Karaalioglu Park før han passerer luksushotellet Talya Oteli og stoppar nær Lara Plaj (Strand) i aust. Det er berre to tog. Dei går langs eit enkeltspor, og passerer kvarandre på ei kort strekning med dobbeltspor ved Kalekapisi. Begge toga har avgang kvar heile og halve timen frå endestasjonane i aust og vest, og er ved Kalekapisi mellom 10 og 15 minutt seinare. Einvegsbilletten kostar under 10 kr
Turistattraksjonar Interessante stader i Antalya by mini|Yivli Minare, symbolet til byen Kaleici: Dette er det historiske sentrumet til byen, som har omfamna mange sivilisasjonar opp gjennom tidene. Det er no restaurert og er vorte eit særs attraktivt turistmessig sentrum med hotella sine, barar, klubbar, restaurantar og shopping. Kaleici har halde sine original historiske karakteristikkar. Marinaen i hamna har vorte totalrestaurert. Restaureringsverksmda i Kaleici har vunne «The Golden Apple Prize», turismen sin Oscar. Bymurane: Hadrianbogen og Klokketårnet er merkverdige, og stammar frå hellenistisk tid.