Olaf Karl Tufte () var ein norsk roar frå Nykirke i Vestfold som representerer Horten Roklubb. Tufte var to gonger verdsmeister og dobbel olympisk meister for Noreg i singlesculler. Olaf Tufte var busett på Nykirke der han jobba som bonde og brannmann. Han var gift og hadde to born.
Karriere
Olaf Tufte vart medlem av Horten Roklubb som syttenåring, og i 1994 deltok han i sitt fyrste junior-VM, i München. Året etter vart han seniorroar, og allereie i 1996 OL-debuterte han under sommar-OL 1996 i Atlanta. Her deltok han i firar utan styrmann saman med Halvor Sannes Lande, Morten Bergesen og Odd-Even Bustnes og enda på åttandeplass. Tufte deltok i sitt fyrste senior-VM i 1997.
I 1998 rodde Tufte i firar under VM i Köln og kom på fjerdeplass. Året etter gjekk Tufte i samarbeid med Fredrik Bekken og tok til å ro dobbeltsculler saman med han. Dei deltok i VM i roing 1999 i St. Catharines i Canada og vann bronsemedalje. Dette vart den fyrste internasjonale medaljen for Olaf Tufte. Det gode samarbeidet heldt fram mellom Tufte og Bekken, og dei representerte Noreg under sommar-OL 2000 i Sydney. Her vann dei olympisk sølv i dobbeltsculler.
Singlesculler
Etter OL trappa Fredrik Bekken ned roinga, men Olaf Tufte starta å ro singlesculler frå no av. Under VM i Luzern i 2001 vart han for fyrste gong verdsmeister. Han tok bronse under neste VM i Sevilla, men vann nytt VM-gull i 2003 i Milano. I sommar-OL 2004 i Athen deltok han i singlesculler. Her tok han olympisk gull framfor estiske Juri Jaanson og vart fyrste olympiske meister for Noreg i singelsculler nokonsinne.
I VM 2005 i Gifu i Japan greidde Tufte ein sølvmedalje bak Mahé Drysdale frå New Zealand. I neste VM i 2006 enda Tufte utan medalje på ein fjerdeplass. Igjen var det Mahé Drysdale som vann og sette ny verdsrekord. Til neste års VM i München kjempa Tufte seg tilbake og vann ein bronsemedalje. Han greidde OL-kvalifikasjonskravet og representerte Noreg på nytt under sommar-OL 2008 i Beijing. Trass i astmaplager greidde Tufte her å vinna eit nytt OL-gull på singlesculler, framfor tsjekkiske Ondřej Synek og Mahé Drysdale.
Etter 2008-sesongen vart Tufte plaga med skader og sjukdom, og han vann ikkje medaljar i VM etter dette. Han kvalifiserte seg likevel til å representera Noreg under sommar-OL 2012 i London. Dette vart den femte OL-deltakinga for Olaf Tufte. Han greidde likevel ikkje å kvalifisera seg til finalen i OL og enda på ein niandeplass.
Team Tufte
Olaf Tufte starta Team Tufte i 2008. Meininga med Team Tufte var å utvikla nye, unge roartalent for framtida. I tillegg til roarar har Team Tufte eigen trenar, manager, coach og helseteam. Per i dag har Team Tufte fem roarar:
Truls Albert (f. 1989) Hans-Gunnar Grepperud (f. 1987) Bjørn Jostein Singstad (f. 1990) Kjetil Borch (f. 1990) Nils Jakob Hoff (f. 1985)
Prisar og utmerkingar
Ni kongepokalarStore Norske Leksikon: Olaf Tufte 2000: Kristina-statuetten 2001: Aftenpostens gullmedalje 2001: Sportsjournalistenes statuett: Årets idrettsnavn 2002: Under Idrettsgallaen 2002 vart Tufte tildelt Utøvernes pris og Mellomdistanseprisen. 2008: Fearnleys Olympiske Ærespris saman med det norske kvinnelandslaget i handball.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Olaf Tufte» frå , den 22. august 2012.
Lista over utmerkingar er henta frå "Om Olaf" på Olaftufte.com Resultatliste frå OL på sports-reference.com
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske roarar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Roarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Roarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Roarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Roarar under sommar-OL 2008 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Roarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Roarar under sommar-OL 2016 Kategori:Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje Kategori:Vinnarar av Fearnleys olympiske ærespris Kategori:Folk frå Horten