mini|Den tredje reisa til Paulus Tyatira (også Thyatira eller Thyateira) er det antikke namnet på den tyrkiske byen Akhisar. Han ligg langt vest i Tyrkia, sør for Istanbul, kring 80 km frå Middelhavet.

Byen heitte først Pelopia (gresk Πελοπία), men vart kalla Thyateira (Θυάτειρα) av kong Selevkos I Nikator i 290 fvt. Han var i krig med Lysimakhos då han fekk vite at kona hadde fødd han ei dotter. I følgje Stefanos av Byzantium kalla han byen «thuateira» frå gresk «θυγατήρ» (thugater), som tyder «dotter», men det er meir truleg at det er eit eldre lydisk namn.Stefanos av Byzantium, De Urbibus Θυγάτηρ, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, at Perseus project I antikken låg Tyatira på grensa mellom Lydia og Mysia. Han var kjend for farging og var eit senter for indigohandel.Apostelgjerningane 16:14. Ein har mellom anna funne inskripsjonar i ruinane av den antikke byen som syner til farging.

Lydia frå Tyatira var den fyrste personen som apostelen Paulus vende om til kristendommen. I tidleg kristendom var det ei viktig kristen kyrkje i Tyatira, nemnd som ei av Dei sju openberringskyrkjene i Johannes’ openberring.Johannes’ openberring 1:11; 2:18-28. I følgje Openberringa skal ei kvinne kalla Jesabel ha kalla seg sjølv profeti Tyatira, «men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer».

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Thyatira» frå , den 24. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Byar i den greske antikken Kategori:Stader i Tyrkia frå gresk antikk