Bayburt er ein by i nordaust i Tyrkia ved elva Çoruh, og er det administrative senteret i provinsen Bayburt.

Bayburt var ein gong ein viktig by langs den gamle Silkevegen og vart vitja av Marco Polo og den tyrkiske ekskursjonisten Evliya Celebi. Ruinane av mellomalderborga finst framleis. Her er fleire interessante moskear, tyrkiske bad (Hamam) og gravsteinar, samt undergrunnskomplekset Çatalçeşme og Sirakayalarfossen.

Ein reknar byen for grunnlagd kring 100 fvt. men den historiske borga på staden har spor attende til 2000 fvt.

Klima Bayburt har eit kontinentalklima med kalde vintrar og ofte mykje snø. Somrane er varme og tørre.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bayburt» frå , den 28. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Bayburt kommune

Kategori:Busetnader i provinsen Bayburt Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Busetnader grunnlagde på 100-talet fvt.