Finike, i antikken Foenikos (gresk Φοινικοῦς), er eit distrikt ved kysten av Middelhavet i provinsen Antalya i Tyrkia, 90 minuttar vest for byen Antalya. Han ligg sør for Tekehalvøya, og kysten her ein populær turistdestinasjon. Finike er mest kjend for appelsinene som er eit symbol for byen.

I mange hundre år var Finike, då kalla Foenikos, ei hamn for Limyra, hovudstaden i Lykia. Byen skal ha vorte grunnlagd av fønikiarane på 400-talet fvt. og kalla opp etter grunnleggarane. Området har derimot vore busett langt lengre enn det.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Finike» frå , den 31. august 2012.

Kategori:Den tyrkiske rivieraen Kategori:Busetnader i provinsen Antalya Kategori:Turistmål i provinsen Antalya Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Kystbusetnader i Tyrkia Kategori:Busetnader grunnlagde på 400-talet fvt.