Yenice er ein by i distriktet Tarsus provinsen Mersin i Tyrkia. Byen har kring 8 000 innbyggjarar (2011). Han ligg 15 km frå Tarsus og 43 km frå Mersin. Kysten av Middelhavet ligg 30 km mot sør.

Byen vart grunnlagd i 1543 under Det osmanske riket av oghuz-tyrkarar.

Under andre verdskrigen møttest den tyrkiske presidenten İsmet İnönü den britiske statsministeren Winston Churchill i ei togvogn ved Yenice jernbanestasjon for å diskutere rolla til Tyrkia i krigen (30. januar 1943). Dette møte vert vanlegvis og feilaktig kalla Adanakonferansen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yenice, Mersin» frå , den 1. september 2012.

Kategori:Busetnader i provinsen Mersin Kategori:Byar i Tyrkia