Arthur Omre () var ein forfattar som først og fremst skreiv såkalla hardkokte romanar.
Liv Arthur Omre var fødd som Ole Arthur Antonisen i i Brunlanes i Larvik, og drog til sjøs då han var femten år gamal. Han gjekk på teknisk skule og arbeidde som konstruktør i USA, etterpå jobba han som ingeniør i Oslo. Etter å ha gått konkurs dreiv Antonisen med kriminell verksemd og fekk fleire dommar, for smugling, vald mot politiet, svindel og tjuveri. I 1933 blei han separert frå kona.
Verk I 1935 debuterte han under pseudonymet Arthur Omre med romanen Smuglere. To år seinare skifta han namn til Arthur Omre. I 1938 vart han tildelt Gyldendals legat
Omre var ein litterær nyskapar som innførte den såkalla «hardkokte» stilen i Noreg. Samtida samanlikna han med Ernest Hemingway og James Cain. Hovudpersonane til Omre var menneskje med eit vanskeleg liv som tøffe utfordringar. Omre hadde sjølv vore i fengsel, og det var vel kjennskapen til dei ulike miljøa som han skreiv om, som gjorde han til ein så unik forfattar.
Omre er gravlagd ved Vestkirken i Porsgrunn.
Verk
Smuglere, 1935, roman Flukten, 1936, roman Sukkenes bro, 1937, roman Kristinus Bergman, 1938, roman Intermesso, 1939, roman Det onde øie, 1940, roman Harmoni, 1941, roman Det hender iblant ..., 1941, noveller Mysterium i Rovsøy, 1942, kriminalroman, seinare gjeve ut som Holmgrensaken) Vertshuset i Syd-Carolina, 1943, føljetong Linedansere, 1945, skuespill Det femte bud, 1947, skuespill Stort sett pent vær, 1948, noveller Skiftende bris, 1950, noveller Vagabond i Gosen, 1953, roman Gullmyntene og andre historier, 1954, noveller Mikkelfanten, 1955, roman Svarte-Paal, 1956, roman Ek & Co., 1957, roman Hun, den første, 1957, roman Utvalgte noveller, 1962 Frydenlund, 1965, roman Den røde silkekjolen og andre noveller, 1966 Sølvkruset, 1941, halvbiografisk roman, utgitt 1971 Den magiske kofferten, 1994, noveller
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Arthur Omre» frå , den 27. august 2009.
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske kriminalforfattarar Kategori:Psevdonym Kategori:Folk frå Larvik Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat