Tyligulestuaret (ukrainsk Тилігульський лиман, tyrkisk Deli Göl) er eit estuar i elva Tyligul. Det ligg sør i Ukraina. Namnet kjem opphavleg frå tyrkisk Deli Göl, og tyder «galen, rabiat innsjø». Estuaret er 80 km lengd, 0,2—3,5 km brei, med ei djupne på 19 meter. Estuaret hadde tidlegare samband med Svartehavet, men er i dag skild frå havet av ei 7 km lang og 4 km brei grunne. Grunna er dekt av solontsjakjord og små vatn. Estuaret har periodevis samband med sjøen via ein smal kanal.
Grunna ved estuaret og det nærliggande vassområdet er eit fuglereservat.
Galleri
Sjå òg Berezanestuaret Khadzjibejestuaret Hryhorivskyestuaret Dnestrestuaret Sukhyjestuaret
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tyligul Estuary» frå , den 2. september 2012. oppgav desse kjeldene: Starushenko L.I., Bushuyev S.G. (2001) Причерноморскиые лиманы Одесчины и их рыбохозиаыственноые значениые. Astroprint, Odessa, 151 s. (på russisk) North-western Black Sea: biology and ecology, Eds.: Y.P. Zaitsev, B.G. Aleksandrov, G.G. Minicheva, Naukova Dumka, Kiev, 2006, 701 s.
Kategori:Estuar i Svartehavet Kategori:Estuar i Ukraina Kategori:Bukter i Ukraina Kategori:Ramsarstader i Ukraina