Bystrytsia (ukrainsk Бистриця; russisk Быстрица, Bystritsia; polsk Bystrzyca) er ei elv, ei høgre sideelv til Dnestr som renn gjennom Ukraina. Den øvre delen av Bystrytsia er delt i to delar: Bystrytsia-Solotvynska (ukrainsk Бистриця Солотвинська; tidleagre polsk Złota Bystrzyca) og Bystrytsia-Nadvirnjanska (tidlegare polsk Czarna Bystrzyca). Bystrytsja-Nadvirnjanska er ei typisk fjellelv og er 94 km lang med eit nedslagsfelt på 1580 km², og Bystrytsia-Solotvynska har ei lengd på 82 km og eit nedslagsfelt på 795 km²

Begge greinene spring ut i Gorganyfjella i Karpatane i Ivano-Frankivsk oblast. Ved byen Ivano-Frankivsk renn dei to elvane saman, og renn så 17 km sør for Halytsj nær byen Jezupil, der ho munnar ut i Dnestr.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bystrytsia River» frå , den 4. september 2012.

Kategori:Elvar i Ukraina Kategori:Ivano-Frankivsk oblast