Prestegrotta (Ozerna på ukrainsk Озерна, tyder: "innsjø") er ei grotte vest i Ukraina nær landsbyen Strilkivtsi (ukrainsk стрілківці), i Borsjtsjiv rajon i Ternopil oblast.
Prestegrotta er ein del av eit omfattande gipsgrottesystem og er ei av dei lengste i verda med ei lengd på 124 km, av dei delane som er utforska. Grotta ligg kring 450 km frå Kiev og kring 5,5 km sør for Borsjtsjiv.
I 1942-1944 gøymde fleire jødiske familiar seg frå nazistane. Nokre av dei vart funne, medan 38 av dei overlevde fram til den raude armeen frigjorde området i april 1944. Somme av dei hadde då vore i grotta i 344 dagar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Priest's Grotto» frå , den 5. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff The Darkest Days - artikkel i National Geographic Magazine
Kategori:Grotter i Ukraina Kategori:Ternopil oblast