Dnipro (ukrainsk skrift Дніпро), tidlegare Dnepropetrovsk og før det Jekaterinoslav/Katerynoslav,English map of 1820 er den fjerde største byen i Ukraina med ein million innbyggjarar.gorod.dp.ua Dnipropetrovsk region, statistics (ukrainsk)Ukrcensus.gov.ua — City Vitja 9. september 2012. Han ligg ved Dnepr, søraust for den ukrainske hovudstaden Kiev, sør i det sentrale området av landet. Dnipro er det administrative senteret i Dnipropetrovsk oblast (provins).

Dnipro er eit viktig industrisenter i Ukraina og var eit av dei største sentera for atomkraft, våpenindustri og romfart i det tidlegare Sovjetunionen. Her låg Juzjmasj, eit stort designbyrå og produsent av ballistiske missil. På grunn av den militære industrien var Dnipropetrovsk ein lukka by fram til 1990-åra.

Andre namn I 1917 fekk Jekaterinoslav namnet Sitsjeslav av Den ukrainske folkerepublikken, men ein gjekk attende til det gamle namnet alt i 1919.Andrew Wilson: Ukrainian Nationalism in the 1990s: A Minority Faith, Cambridge University Press, 1996, ISBN 978-0-521-57457-0, page 89

Namneendringar

Jekaterinoslav 1776–1782, gjenoppretta 1783–1797 Novorossijsk 1797–1802 Jekaterinoslav 1802–1917 Sitsjeslav 1917–1918 Jekaterinoslav (russisk skrift Екатеринослав), Katerynoslav ukrainsk Катеринослав, 1918–1926 Dnepropetrovsk/Dnipropetrovsk (russisk skrift Днепропетровск). 1926 til 2016;

Geografi left|mini|Flyfoto av Dnipropetrovsk. Dnepr renn gjennom byen og fleire bruer kryssar elva i byen. Byen ligg på begge sider av Dnepr, ved ein stor sving der elva endrar retning frå nordvest og held fram sørover i Ukraina.

Klima

Om sommaren er Dnipropetrovsk varm (i juli 24-28 °C, og stundom 32-36 °C). Vinteren er kald med temperaturar i januar kring -4 til 0 °C, men når det ikkje er snø og vinden blæs kraftig, kjennest det særs kaldt.

Klimaet er kontinentalklima og vintrane kan stundom verte særs kalde, ned mot -15 °C og om sommare særs varm (opp mot 40 °C).See also: klimadiagramme.de — Climate in Dnipropetrovsk URL accessed on 20 March 2007

Historie

Den offisielle grunnleggingsdatoen for byen er året 1526, då busetnaden Stara Samar fanst på området til dagens by Dnipro. I 1776 vart byen bygd om av Grigorij Potjomkin og omdøypt til Jekaterinoslav til ære for Katarina II av Russland.

Han skulle vere midtpunkt for dei områda som var erobra som eit resultat av den endelege underlegginga av dei ukrainske kosakkane i 1775 (storminga av hovudsetet deira Zaporizjzjia Sitsj), og sigeren mot Det osmanske riket i den russisk-osmanske krigen 1768–1775.

Han vart omdøypt til Dnepropetrovsk 1926 (seinare Dnipropetrovsk). Byen opplevde ein sterk vekst etter bygginga av Dneproges-dammen i 1932.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dnipropetrovsk» frå , den 9. september 2012.

Bakgrunnsstoff (russisk) (engelsk) stroitel.dp.ua — Construction site of Dnipropetrovsk (russisk) Photos of Dnepropetrovsk

Kategori:Byar i Dnipropetrovsk oblast Kategori:Lukka byar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1526 Kategori:Byar ved Dnepr