Mukatsjevo eller Mukatsjeve (ukrainsk Мукачево, Мукачеве) er ein by i Latoricadalen i Zakarpattja oblast (provins), sørvest i Ukraina. Byen har kring 95 000 innbyggjarar (2008).

Byen er no ein endestasjon langs ein jernbane. Her vert det produsert øl, vin, tobakk, mat, tekstilar, tømmer og møblar. Under den kalde krigen låg Mukatsjevo flybase her.

Historie Frå 800-talet til 1000-talet var Mukatsjevo truleg ein del av Kiev-riket. I 1018 vart Mukatsjevo erobra av ungararane og vart eit maktsenter for dei ungarske kongane. I 1397 gav kong Sigismund av Ungarn byen til den rutenske prinsen Theodor Koriatovitsj, som flytta mange rutenarar her. På 1400-talet blømde byen og han vart eit handelssenter i regionen. I 1445 vart byen ein ungarsk fri keisarby. Han fekk òg Magdeburgrettar.

På 1500-talet vart Mukatsjevo ein del av fyrstedømet Transilvania. Anti-Habsburgske opprør fann stad frå 1604 til 1711 i dette området og det som i dag er Slovakia. Det vart oppretta eit gymnas her i 1646. Seint på 1700-talet kom byen under austerriksk kontroll som ein del av Kongedømet Ungarn. Det busette seg òg mange tyskarar i området. Palanokborga i byen vart eit europeisk politisk fengsel etter storminga av Bastillen. I 1821-1823 sat den greske nasjonalhelten Alexander Ypsilanti fengsla i Palanokborga.

mini|venstre|Mukatsjevo tidleg på 1900-talet.

I 1919 vart området Karpatisk Rutenia, som byen låg i, innlemma i Tsjekkoslovakia. I november 1938 vart ein del av området som tidlegare hadde høyrt til kongedømet Ungarn gjeve attende til Ungarn. Mukatsjevo var då den einaste byen i Ungarn med ein jødisk majoritet, fram til 1944 då alle jødane vart deporterte til Auschwitz av nazistane. Mot slutten av 1944 storma den raude armeen Karpatisk Rutenia. Først vart området gjeve attende til Tsjekkoslovakia, før det vart ein del av Sovjetunionen som følgje av ein avtale mellom dei to landa seinare i 1945. Sovjetunionen byrja å kaste ut ungarane i byen. I 1945 vart byen ein del av Ukrainske SSR.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mukachevo» frå , den 16. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff mukachevo.net - Mukatsjevo byportal

Kategori:Byar i Zakarpattja oblast Kategori:Busetnader grunnlagde på 800-talet Kategori:Shtetlar